Stortingets behandling av Prop 36 S - Opptrappingsplan mot vald

Barneombodet har gitt skriftleg innspel til Justiskomiteens behandling av regjeringa opptrappingsplan mot vald.

Barneombodet meiner planen er lite forpliktande og at ein plan med avgrensa løyvingar for berre 2024 ikkje kan karakteriserast som ein opptrappingsplan. Vi ber Justiskomiteen utarbeide tiltak som er konkrete og målbare på følgjande område:

  • Vidareutvikling av Statens barnehus
  • Sette målbare tal for ambisjonen om å auke bruken av omvend valdsalarm
  • Plassere ansvar for oppfølging av valdsutsette i éin sektor
  • Sette meir forpliktande mål om å styrkje opplæringa om kropp, grenser, relasjonar og seksualitet i skule og barnehage

Barneombodet ber samtidig om at det dei neste åra blir utarbeidd ei stortingsmelding om vald.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev