Høyring prop. 62 L kapittel 4 - Reglar om avverjing av skade og fysisk innblanding
Barneombodet understreke at fysisk innblanding mot elevar i skulen må vere siste løysing. Det gjeld på individnivå, men også i politikkutforminga. Det er avgjerande å skape skular der barn opplever tryggleik og meistrar undervisning og skulemiljø.
Vi er bekymra for at det som kan sjå ut som ein auke av vald i skulen, aukande mistrivsel og ufrivillig skulefråvær, saman er konsekvensen av at barns behov ikkje blir godt nok vareteke i skulen. Det kan mellom anna komme av at lærarar og andre i skulen ikkje har tid og kapasitet til å sjå barns heilskaplege behov. Framover meiner vi det er avgjerande med ein stor innsats for å få meir kunnskap om årsakene og systemutfordringane, og å styrkje kapasitet og kompetansen i laget rundt eleven.
Barneombodet tilrår at Stortinget ber departementet komme tilbake med ein konkret plan for korleis sikre tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i laget rundt barn og unge.
Barneombodet har over tid sett at det skjer ulovleg bruk av tvinga i skulen. Vi støttar derfor departementet i at det er behov for å regulere bruken. Bruk av fysisk makt er tiltak av ein så inngripande karakter, at det bør ha eit klart heimelsgrunnlag med tydelege rettslege rammer.