Tilknytningskrav for familieinnvandring
Vi kan ikkje støtte den endringa departementet foreslå. Konsekvensane forslaget kan ha for barn er for dårleg utreda, både når det gjeld forholdet til barnekonvensjonen og når det gjeld konsekvensar for barn.
Det går ikkje fram av høyringsnotatet kva konsekvensar endringane som departementet føreslår vil få for barn. Tvert om er det usikkert kor mange barn som vil verte råka av forslaget.