Svar på høyring om endringar i fråværsreglane i vidaregåande skule

Barneombodet tilrår at departementet vurderer korleis fråværsreglane kan formast ut til barnets beste, og forholdet mellom fråværsgrensa og andre rettar. Barneombodet ser at fråværsgrensa har hatt positive konsekvensar for mange elevar, men vi er bekymra for at ho har medført svært negative konsekvensar for utsette elevgrupper og ikkje oppnådd formålet om å redusere fråfall. Dersom regelen blir vidareført meiner vi det blir avgjerande at han blir meir fleksibel enn i dag og ikkje fører til negative og utilsikta konsekvensar for enkelte grupper barn.

Barneombodet meiner det er fleire positive element i forslaget, men at forslaget ikkje sikrar tilstrekkeleg fleksibilitet. Forslaget reiser òg prinsipielle spørsmål knytt til retten til utdanning og andre grunnleggjande rettar.

I høyringssvaret går vi nærmare inn på innspela våre:

  • Overordna og prinsipielle spørsmål knytt til retten til utdanning
  • Barnets beste må vere eit grunnleggjande omsyn
  • Svar på kvart enkelt spørsmål i høyringsnotatet

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev