Reglane for rett til barne- og ektefelletillegg
Departementet viser til barnekonvensjonen artikkel 3 og at barnets beste må bli tatt vare på når dei fremjar forslaget. I staden for å gjere ein vurdering av barnets beste, hoppar departementet rett til konklusjon om at ansvaret for barn sin levestandard ligg hos foreldra og at Norge oppfyller sine forpliktingar gjennom ordningar som tar utgangspunkt i barn sine behov.
Barneombodet meiner at barnekonvensjonen må vere ein større del av grunnlaget for alle lov- og forskriftsendringar som vedkjem barn og unge.