NOU 2020: 11 Den tredje statsmakt — Domstolene i endring
Barneombodet har svart på høyring om Domstolkommisjonen si andre delutgreiing NOU 2020: 11 Den tredje statsmakt – Domstolene i endring.
Vi støtter kommisjonen i anbefalinga om moderat spesialisering i barnesakene, for å sikre økt barnefagleg kompetanse i domstolane, i tråd med anbefalingane frå særdomstolsutvalet. Vi er også einige med kommisjonen i at dette føreset større rettskretsar med robuste fagmiljø internt i domstolane.
Vi likevel bekymra for at departementet sitt forslag om å oppretthalde alle rettsstader i ny domstolsstruktur, som no er vedteken, vil gjere det utfordrande å byggje sterkare fagmiljø i barnesakene, og at dette stiller store krav til den enkelte domstolsleiaren si organisering og oppfølging av rettskretsen.
Vi forventar derfor at departementet vurderer korleis ein kan leggje til rette for moderat spesialisering og erfaringsutveksling mellom dommarar som skal behandle barnesaker innanfor same rettskrets.