Intensiv opplæring og fleirfagleg samarbeid

Barneombodet er bekymra for at Kunnskapsdepartementet i denne høyringa ikkje har vurdert forslaga opp mot aktuelle rettar barn har etter barnekonvensjonen.

Vi meiner til dømes at det er ein alvorleg mangel ved høyringsnotatet at omsynet til barnet sitt beste ikkje er vurdert for lovfestinga av intensiv opplæring.

Vi forventar at departementet har vurdert begge lovforslaga opp mot barnekonvensjonen i lovproposisjonen når den blir lagt fram.

Vi meiner óg at føresegna er utforma for skjønnsmessig. Dette stiller for store krav til at skolen har utvikla eit tolkingsfellesskap, og at personalet har god regelverksforståing.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev