Individregister over barn i barnehage og grunnskule
Barneombodet støttar Kunnskapsdepartementets forslag om å etablere individregister for barn i barnehagar og grunnskular.
Dagens løysingar gir mangelfulle data om viktige tema i opplæringssektoren. Konsekvensen av det kan vere eit for dårleg kunnskapsgrunnlag for å forbetre kvaliteten i norske barnehagar og grunnskular.
Individregister vil bidra til data på individnivå om situasjonen til barn i barnehagar og skular, som kan danne eit betre grunnlag for forsking, statistikk, forvaltning og politikkutvikling.
Barn har eit særskilt vern knytt til personopplysningane sine. Det er fordi dei i mindre grad kan vere klar over aktuelle risikoar og konsekvensar i behandlinga av personvernet sitt. Personvernkonsekvensane for barn må derfor vurderast nøye før det blir etablert eit individregister.
Barneombodet vil gjere tydeleg at kunnskapen frå individregistera må resultere i eit betre barnehage- og skuletilbod for barn og unge.
Les heile høyringssvaret her