Høyringssvar om forslag til endring i straffegjennomføringslova og ny forskrift om tilsynsråd for kriminalomsorga
Barneombodet er glade for at departementet ser dei særlege omsyn som gjeld for barn, og støttar at det blir innført eit krav om barneomsorgsattest for personar som blir oppnemnt til Tilsynsrådet.
Vi understrekar at det viktigaste likevel er at personar i Tilsynsrådet og/eller sekretariatet har kompetanse om barns sårbarheit i møte med kriminalomsorga og i korleis samtale med barn og unge.