Høyring om tvangsbegrensningslova - forslag til felles reglar om tvang og inngrep utan samtykkje i helse og omsorgstenesta

Barneombodet er positiv til at departementet har tatt initiativ til å gå gjennom reglane om bruk av tvang mot barn og unge som tar imot helse- og omsorgstenester. Vi har bedt om ein slik gjennomgang fleire gonger, og om ei betring av rettstryggleiken til barn og unge, mellom anna i psykisk helsevern.

Arbeidet til utvalet er grundig, men på nokre område er det så detaljrikt og omfattande at det kan vere vanskeleg å følgje resonnementa på tvers av dei ulike kapitla. Særleg gjeld dette drøftingane som handlar om barn og unge.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev