Forslag til ny opplæringslov

Barneombodet støttar mange av forslaga til departementet og meiner at departementet har gjort fleire gode endringar samanlikna med forslaget frå utvalet. Samtidig er vi bekymra for at departementet har foreslått forenklingar som kan føre til større kommunale forskjellar og svekke rettane til barn og unge.

Vi ser behovet for å få ei meir oppdatert opplæringslov som er betre tilpassa dagens samfunn, barns behov og kvardagen i opplæringssektoren. Opplæringslova skal sikre eit likeverdig opplæringstilbod for alle barn og unge, og vi meiner at ein del av forslaga legg for stor vekt på omsynet til handlingsrommet til kommunane på kostnad av rettstryggleiken til elevane.

Vi er opptatt av at den nye lova må vere lettare tilgjengeleg for brukarane og samtidig ta vare på rettane til elevane på ein god måte.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev