Forslag om tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur på asylmottak

Justis- og beredskapsdepartementet har foreslått lov- og forskriftsfesting av tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Formålet er å styrka rettstryggleik til einslege mindreårige som bur i mottak ved at tilsyn blir utført av eit uavhengig organ.

Barneombodet støttar forslaget, og meiner det er svært positivt at departementet foreslår ei tilsynsordning som liknar den i barnevernet. Statsforvaltaren og Helsetilsynet har tilsvarande tilsynsroller i andre sektorar, og kunnskapen og erfaringa dei har kan ha overføringsverdi til einslege mindreårige i mottak. Dette kan bidra til å sikre at einslege mindreårige mellom 15 og 18 år mottar likeverdig omsorg som dei under 15 år.

Vi meiner at reglane for tilsyn med omsorga til einslege mindreårige som bor i asylmottak og tilsynsreglane for barnevernsinstitusjonar bør harmoniserast i større grad, slik at omsorgstilbodet til einslege mindreårige som bor i mottak blir like godt som for barn som bor på barneverninstitusjon.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev