Forskriftsfesting av retningslinjer for tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling
Barneombodet meiner at det er heilt nødvendig med eit spesialpedagogisk kompetanseløft. Vi har tidlegare spela inn at det er nødvendig å stille klare krav til kva for kompetanse og system skule og PPT skal sitje att med som eit resultat av kompetanseløftet. I motsett fall fryktar vi at vi ikkje vil nå forventningane som er sette i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.
Retningslinjene til tilskotsordninga er etter vår meining eit av dei viktigaste verktøya for å sikre at skule og PPT får nødvendig kompetanse, og at ein når intensjonane i stortingsmeldinga. Vi er derfor glade for at departementet vil forskriftsfeste dei. For at dei skal bli eit nyttig verktøy, meiner vi at dette krev tydelege krav til måloppnåing, rapportering og evaluering.
Vidare vil vi gje innspel til korleis dette kan gjerast. I denne samanhengen vil vi også prøve å svare på spørsmåla som departementet stiller.