Forskrift om rettspsykiatriske undersøkingar og sakkunnige m.m.
Reglane som er føreslått om krav til rettspsykiatriske undersøkingar og sakkunnige er overordna og generelle. Det føreligger ikkje vurderingar frå departementet om det kan vera behov for særlege krav i nokre tilfelle.
Barn og unge er i stor utvikling og endringar skjer raskt. Symptombildet hos ungdom kan vere komplisert og symptom på psykose kan forvekslast med normale utviklingstrekk. Det er derfor særlege faglege utfordringar knytt til alvorlege sinnslidingar hos barn og unge.
Barneombodet meiner det burde vore vurdert om utgreiing av ungdom er så spesialisert at det er behov for særskild kunnskap i desse sakane. Barneombodet ber derfor om at reglane om rettspsykiatriske undersøkingar og sakkunnige, i sakar der barn og unge skal vurderast, må setta krav om særleg kompetanse om barn og unges psykiske helse. Departementet bør vidare vurdere korleis den generelle kompetansen om psykoselidingar hos unge kan bli betre.
Barneombodet meiner det er grunn til å sjå på ei ordning der alle barn og unge som vert sikta for alvorleg kriminalitet som kan føre til straffereaksjonar som forvaring eller tvungent psykisk helsevern, må leggjast inn til observasjon etter straffeprosesslova § 167 i ein institusjon med barnfagleg kompetanse.