Forenkle og forbedre- ekspertutvalgets rapport om tematisk organisering av psykisk helsevern

Barneombodet støttar forslaga og tilrådningane frå utvalet knytt til kommunale tilbod og samhandling og inntak og utgreiing i psykisk helsevern. Vidare støttar vi prinsipp for tematisk organisering av behandlingstilbodet, og system for kunnskap og kvalitet. Desse vil ha mykje å seie for barn og unge med behov for psykisk helsehjelp, og dermed òg for barns rett til best mogleg helse.

Vi oppmodar departementet til å basere det vidare arbeidet med å forbetre psyksik helsehjelp i kommunen og psykisk helsevern for barn og unge ut frå eit barneperspektiv. I høyringssvaret går vi nærmare inn på at:

  • barnets beste må vere eit grunnleggjande omsyn i oppfølging av rapporten
  • omsynet til barnets beste må sikrast i kommunale psykiske helsetilbod og samhandling mellom kommune og psykisk helsevern for barn og unge.
  • omsynet til barnets beste må sikrast ved inntak, utgreiing og behandling i psykisk helsevern

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev