Endringar i helsetilsynsloven mv. og oppheving av lov om statens undersøkelseskommisjon - ny meldeordning
Når alvorlege hendingar oppstår er det viktig å finne årsakene til kvifor det gjekk gale og å ta lærdom av det, så det ikkje skjer igjen.
Etter vårt syn har Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) med arbeidet sitt bidrege til å utgjere ein stor skilnad for barns rettstryggleik, pasienttryggleik og krav på helsehjelp.
Vår oppfatning er derfor at det framleis er eit stort behov for eit nasjonalt uavhengig organ som står fritt til å undersøkje uønskte hendingar i alle delar av helse- og omsorgstenesta.
Barneombodet er bekymra for om samanslåing av helsetilsynet til staten og Ukom vil føre til at barns rettstryggleik, pasienttryggleik og krav på hjelp blir svekt.