Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod (omvendt valdsalarm)

Barneombodet stør forslaget om omvendt valdsalarm, men meiner at det må gå fram direkte av lova, eventuelt av forarbeida, at omsynet til barn skal ha særleg vekt i vurderinga av om tiltaket er nødvendig og forholdsmessig.

Barneombodet meiner betre oppfølging av brot på besøksforbod er ein heilt sentral føresetnad for at staten skal kunne oppfylle plikta si til å sikre den krenkte beskyttelse frå ein forfølgjande valdsutøvar. Vi er likevel kritisk til at høyringsnotatet manglar vurderingar av omsynet til barn. Lova bør innehalde eit vilkår om at dersom barn blir ramma av valden anten direkte eller som vitne til vald, skal dette vere eit sentralt moment i vurderinga om tiltaket er forholdsmessig.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev