Innspel til handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar

Regjeringa er i prosess med å utarbeida ein handlingsplan for å sikra at alle barn skal ha like høve til å delta i fritidsaktivitetar. Handlingsplanen skal vera klar innan sommaren 2024. Regjeringa ønskjer meir kunnskap om drivarane til sosial forskjell i deltaking; å redusera prisane og kostnadsdrivarar på aktivitetar; og å gi god og tilgjengeleg informasjon om aktivitetar og tilbod.

I vårt innspel framhevar vi mellom anna viktigheita av at barns rettar er førande for utforminga og innhaldet i handlingsplanen, og at barn og unge får fremja sin meining og får reell innverknad over tiltaka som skal foreslåast. Vi meiner også det er viktig at handlingsplanen identifiserer og problematiserer dei mange ulike årsakene til at barn og unge blir stengde ute frå fritidsaktivitetar, og at han inneheld tiltak som i størst mogleg grad sikrar at alle barn får delta i fritidsaktivitetar utan diskriminering av noko slag.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev