Bekymring om tilbodet til barn i avlastingsinstitusjonar og barnebustader

Barneombodet har over tid utrykt bekymring for tilbodet til barn som oppheld seg i avlastingsinstitusjonar og barnebustader. Bekymringa er på nytt aktualisert med funna i Helsetilsynets nasjonale tilsyn. Vi ber derfor om eit møte med Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet for å diskutere korleis retten barna har til forsvarlege helse- og omsorgstenester i institusjon kan sikrast.


Barna som får desse tilboda er i ein veldig sårbar situasjon, og med funksjonsnedsetjingar som gjer at det kan vere vanskeleg å uttrykkje behova sine og varsle om manglar. Trass i tidlegare rapportar som viser alvorlege manglar i kvaliteten og kontrollen med tilbodet, viser det nyleg gjennomførte nasjonale tilsynet framleis svikt i tenestene. Situasjonen er ikkje i tråd med barns rettar, og Barneombodet har meldt problemstillinga til FNs barnekomité. Det er behov for tiltak for å styrkje rettstryggleiken til barna og sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Barneombodet etterlyser ein gjennomgang av regelverket og endringstiltak.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev