Bekymring knytt til brot på Bufetats bistandsplikt og nedlegging av døgnplassar på Senter for foreldre og barn
Barneombodet har sendt brev til Barne- og familieminister Kjersti Toppe med bekymring knytt til brot på Bufetats bistandsplikt og nedlegging av døgnplassar på senter for familie og barn.
Bakgrunnen er at vi i den seinare tid har motteke fleire førespurnader frå barneverntenester som beskriv stor mangel på tilbod frå det statlege barnevernet. Bufetat sine regionar har i korrespondansen med oss stadfesta at det har vore mange brot på bistandsplikten. Dette gjeld fosterheimar, beredskapsheim og institusjonsplassar, både akutt og behandling/ omsorg - for barn og ungdom.
Fleire frå både barnevernstenester og frå Bufetat har sjøv varsla om endringar i tilbodet til familiar i Senter for foreldre og barn. Det gjeld eksempelvis nedleggingar av døgnplassar.
Barneombodet meiner situasjonen verkar alvorleg og har bede ministeren om svar på ei rekkje spørsmål.