Innspel til Skjermbrukutvalget
Barneombodet oppmodar Skjermbrukutvalget å gjere grundige barnerettighetsvurderingar. Når det blir foreslått nye tiltak i politikkutviklinga, må det gjerast vurderingar av kva konsekvensar tiltaka vil ha for barns rettar. Det er avgjerande for å sikre at barnets beste blir prioritert i avgjerdsprosessen.
Vi oppmodar Skjermbrukutvalget til å vurdere og vege barns rettar opp mot kvarandre, inkludert retten til privatliv, tilgang til informasjon, rett til utdanning, rett til optimal helse og særleg rettar for barn med funksjonsnedsetjingar.