Barneombodet varslar om mangel på tilsyn i avlastingsinstitusjonar og barnebustader

Barneombodet har gått gjennom statistikk over tilsyn i avlastingsinstitusjonar og barnebustader frå 2017 til 2024. Tala viser at berre 1 prosent av bustadene får tilsyn kvart år. Totalt har berre 10 prosent av bustadene hatt tilsyn i heile perioden.

Dette er alvorleg. Tilsyn er ein viktig tryggingsmekanisme. Det skal sikre at barna får trygg og god oppfølging, med nødvendig vern, omsorg og habilitering.

Barneombodet meiner at den manglande nasjonale kontrollen er ei alvorleg rettstryggleiksutfordring for barna i institusjonane. Vi har tidlegare teke opp saka og ber departementet handle raskt.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev