Årsrapport og årsrekneskap 2023

Les mer 
bok og rapporter

Melding frå leiaren

I mitt siste år som barneombod har eg lagt stor vekt på korleis barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen i praksis blir følgde opp av myndigheitene.

Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har konsekvensar for barn, både på individ- og systemnivå. Vi har hatt mykje dialog med sentrale departement og direktorat for at omsynet til det beste for barnet skal bli betre innarbeidd i utgreiingsarbeidet i staten. I 2024 vert rettleiinga til utgreiings-instruksen endra til å inkludere barn. Eg er svært nøgd med at dette no kjem på plass før eg avsluttar åremålet mitt.

Som ein del av dette arbeidet har Barneombodet utvikla eit eige e-læringsverktøy for barnets beste og barns rett til å bli høyrd. Vi vil gjerne bidra til å auke kunnskapen om dette hos offentlege myndigheiter, og målgruppa her er både tilsette i departement, direktorat og andre statlege organ, men også tilsette som tek avgjerder på vegner av barn i kommunar, fylkeskommunar og hos statsforvaltaren. Dette håpar vi skal bli eit nyttig verktøy.

Synspunkt frå barn er ein viktig del av kunnskapen ein treng for å ta slike avgjerder. Eg er derfor glad for at vi har fått positive signal frå myndigheitene om at dei vil sjå nærmare på om det skal bli oppretta eit kompetansesenter for medverknad som kan sikre kunnskap om metode, gi god rettleiing og samle eksisterande kunnskap frå barn og unge. Dette håpar eg blir følgd opp i åra som kjem.

I mai la vi fram rapporten «Blod er ikkje alltid tjukkare enn vatn», om barn i fosterheim. Rapporten skildrar eit krevjande utfordringsbilete for fosterheimsomsorga, og kor viktig det er å ha stabile rammer for barna og fosterfamiliane.

Vi har lenge jobba for å sikre at ungdomsstraffa får eit betre innhald, med gode tiltak for ungdom. Ei utfordring vi har adressert ofte i 2023, er at kommunane også har mangla gode førebyggande tiltak for å hindre at ungdom utøver kriminalitet. Det er positivt at regjeringa no har lagt fram forslag for å gjere straffa betre, men det er framleis mykje som står att før kommunane har dei nødvendige førebyggande tiltaka på plass.

I min periode som barneombod har vi lagt fram to rapportar om psykisk helse. Vi har halde fram å ha merksemd om dette, og det var svært positivt at vi fann att mange av forslaga våre i den nye opptrappingsplanen for psykisk helse som kom i 2023. Sjølv om det er ein krevjande problematikk, så er det eit steg på vegen for å få ein betre psykisk helseteneste for barn og unge.

Eit prioritert område i strategien vår er at fleire barn skal oppleve meistring i skulen. Vi er mellom anna opptatt av at dei som står i fare for å få langvarig skulefråvær, får god hjelp og støtte. I 2023 sette vi difor ned ei ekspertgruppe med ungdommar som gav oss innspel til vårt vidare arbeid med dette. Dei skreiv rapporten «One size fits all?» med anbefalingar til myndig-heitene, som dei presenterte for utdanningsmyndigheitene. Den har vorte svært godt teke i mot, noko som tyder på at det er eit stort behov for kunnskap frå barn og unge om dette temaet.

At spesialundervisninga ikkje er god nok, såg Barneombodet allereie i rapporten «Utan mål og meining» frå 2017. Dessverre er det framleis store utfordringar, og dette er noko vi har arbeidd med i 2023. Vi hadde innsyn i ei rekkje klagar som var sende til statsforvaltaren, og funna viste mellom anna at mange elevar ikkje får den spesialundervisninga dei har rett på.

Vi har også hatt eit større arbeid med «laget rundt barn» i skule og barnehage og sende over våre anbefalingar i eit innsiktnotat til myndigheitene. Vi ventar framleis på ei oppfølging av dette frå Kunnskapsdepartementet, og det er eit viktig tema som må følgast opp vidare.

På tampen av åremålet mitt har eg retta merksemd mot eit nytt område: barn som veks opp i fattige familiar. Vi har hatt ein god dialog med Arbeids- og velferdsetaten (NAV) for at dei i større grad skal innarbeide barneperspektivet i arbeidet sitt. Dette er viktig for at barn som veks opp i familiar med låg inntekt skal få ein betre oppvekst. NAV har no allereie snart ein ny rettleiar på plass. Det er godt å sjå at eit stor byråkrati kan snu seg rundt raskt.

Vi har hatt eit høgt aktivitetsnivå det siste året, med ei rekkje føredrag og møte med myndigheiter, organisasjonar og politikarar. Å sende brev til myndigheitene og gi innspel til Stortinget er eit viktig verkemiddel for oss. Vi får også mange førespurnader frå ulike arbeidsgrupper og utval som ønskjer innspel til arbeidet sitt. Eg opplever at synspunkta våre alltid blir tekne godt imot, og at anbefalingane våre blir tekne på alvor.

Sjølv om dei aller fleste barn i Noreg har ein god og trygg oppvekst, står utfordringane framleis i kø for oss som arbeider med å gjere det betre for dei som har særskilde behov. Eg takkar for meg som barneombod i april 2024, og etter det er det ein annan som skal følgje opp alt det gode som er i gang for barnerettane i Noreg. Det nye ombodet vil heilt sikkert også ha nye mål og tiltak som vil bli sett i gang hos Barneombodet.

Det er viktig å ha store ambisjonar og sjølv om eg har sett at ting kan ta tid, så er det og utruleg mykje som kan skje på eit år eller to. God dialog, konstruktiv kritikk og kunnskapsbaserte forslag trur eg er nøkkelen for å lykkast som barneombod og få til endringar til det beste for barn.

Takk for meg - og lykke til vidare i arbeidet med å gjere Noreg eit endå betre land å vere barn i.

Inga Bejer Engh, barneombod

Barneombud Inga Bejer Engh 24

Introduksjon til verksemda og hovudtal

Rolla til Barneombodet

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om barns interesser, blir følgde, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ eller som høyringinstans sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik, og følgje med på om endringane er gode for dei.

Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka det er behov for.

Barneombodslova og forskrifta om instruks for barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Barneombodet er leidd av barneombod Inga Bejer Engh, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda. I 2023 var det 20 tilsette i Barneombodet – 19 i faste stillingar og ein student i 20 prosent stilling i fagavdelinga. Stillingane fordeler seg på tre einingar: fag, kommunikasjon og administrasjon.

Barneombodet har valt fire satsingsområde som vi skal prioritere i perioden 2022–2024, og kvart område har fleire hovudmål. Dette er dei fire satsingsområda vi skal jobbe med:

  1. Gode oppvekstmiljø for barn og unge
  2. Gode hjelpetenester til barn som treng det
  3. Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester
  4. At myndigheitene tek ansvar for å oppfylle, respektere og verne barns rettar

Nøkkeltal 2023

I 2023 registrerte Barneombodet 1 762 inngåande og 1 257 utgåande dokument. Omtrent halvparten av dokumenta er spørsmål frå privatpersonar og svar på dei, der vi rettleier om barnerettane og høve til å klage.

Talet på inngåande og utgåande dokument totalt

  • 2019: 3 985
  • 2020: 3 384
  • 2021: 2 691
  • 2022: 2 764
  • 2023: 3 019

Barneombodet leverte 31 svar på offentlege høyringar i 2023. Blant dei mest omfattande var høyringssvaret til Koronakommisjonens rapport og til utgreiinga til Barnevernsutvalet.

Barneombodet sende ei rekkje brev til offentlege myndigheiter der vi adresserte barns rettstryggleik på ulike område. Vi sende også fleire innspel til offentlege utval og til ulike komitear på Stortinget. Alle høyringssvar, brev og innspel til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene våre. Barneombodet heldt 81 føredrag i 2023.

I 2023 fullførte Barneombodet eit prosjekt om barn som bur i fosterheim. Rapporten blei lansert i mai 2023. Hausten 2023 skreiv ei ekspertgruppe med ungdommar med erfaring frå langvarig skulefråvær ein rapport om sine erfaringar, og kva som skal til for å komme tilbake til skulen. Vi har også laga to større innsiktnotat som er sende til Kunnskapsdepartementet, om klageretten på spesialundervisning og laget rundt eleven. Vi har dessutan starta opp arbeidet med å rapportere til FNs komité for barns rettar. Dette arbeidet held fram i 2024.

Barneombodet brukte i 2023 mykje arbeid på å ferdigstille eit e-læringsverktøy om barnets beste og barns rett til å bli høyrt, som blei lansert i februar 2024. Dette blei lansert på eit stort arrangement for statleg sektor i Oslo, og to større arrangement i samarbeid med statsforvaltarane for kommunal sektor.

Barneombodet brukte innsynstilgangen sin ved tre høve i 2023. Vi bad om innsyn i barnets beste-vurderingar i to saker:

  • vurderinga til Utanriksdepartementet som låg til grunn for avgjerda om å ikkje hente heim norske borgarar frå Nordaust-Syria i 2019, og
  • vurderinga til Arbeids- og inkluderingsdepartementet som låg til grunn for avgjerda til Stortinget om tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken i 2022.

Barneombodet fekk også innsyn i alle klagesaker på gjennomføring av vedtak om spesialundervisning frå fem utvalde statsforvaltarar som var handsama hos desse i 2022.

Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 25 170 000 kroner i 2023, sjå note A.

Av årets tildeling brukte vi 98,9 prosent i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 1 066 566 kroner av samla tildeling til 2024. Sjå utrekningar i note B.

Barneombodet har brukt 343 707 kroner til investeringar i 2023. Dei største investeringane gjaldt innkjøp av digitalt utstyr, som mobiltelefonar og PC-ar, og inventar. Lønnsutgiftene var på 18 175 758 kroner i 2023 (note 2), og utgjorde 76,5 prosent av driftsrekneskapen.

Gjennomsnittleg lønnskostnad per årsverk var 991 069 kroner, inkludert arbeidsgivaravgift og pensjonskostnader. I denne utrekninga har vi brukt utførte årsverk.

Aktivitetar og resultat i 2023

Resultatmåla for 2023 følgjer den treårige strategien for Barneombodet for 2022–2024.

Arbeidsmetodane til Barneombodet er delt i fire: overvaking, opplæring, påverknad og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for barnerettane. I slike prosessar bruker vi mellom anna innsynsretten og medverknad frå barn. Dette dannar grunnlaget for fagrapportane våre, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter. Vi arbeider aktivt for å få gjennomslag for anbefalingane gjennom ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet vårt er retta mot enkeltpersonar som tek kontakt, både vaksne og barn.

Resultat 2023

Resultatmål

Barneombodet har fire satsingsområde i strategien for 2022–2024. Her omtaler vi kort resultata for 2023 innanfor dei fire områda.

Gode oppvekstmiljø for barn og unge

I tråd med strategien har Barneombodet arbeidd for at fleire barn skal oppleve meistring og inkludering i skulen. Sentralt i dette arbeidet var både Barneombodets høyringssvar på regjeringa sitt forslag om å avverje skade, og forslag om bruk av innblanding etter opplæringslova.

Eit av måla våre er å arbeide for å kvalitetssikre spesialundervisninga. Som ein del av dette gjennomførte Barneombodet eit innsynsarbeid i 2023. Vi fekk innsyn i klagesaker på gjennomføring av spesialundervisning hos fem utvalde statsforvaltarar.

Hausten 2023 blei også den nye opplæringslova vedteken av Stortinget. Vi er nøgde med at Stortinget har vedteke å føre vidare den lovfesta heimelen for å kunne klage på gjennomføring av spesialundervisning, og at Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å fremje eit forslag om lovregulering av dette.

Barneombodet har vore uroa over det høge talet på barn som har ufrivillig skulefråvær. For å få betre informasjon om kva som skal til for at elevane kjem tilbake til skulen, sette Barneombodet ned ei ekspertgruppe med ungdom som hadde vore borte frå skulen i lengre tid, men som var heilt eller delvis tilbake. Dette arbeidet resulterte i at ekspertgruppa, med hjelp frå Barneombodet, utarbeidde ein rapport med sine erfaringar og anbefalingar til skulemyndigheitene.

Barneombodet arrangerte i 2023 to rundebordmøte om universell utforming av læremiddel, i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet. Fråvær av universelt utforma læremiddel hindrar inkludering, og fører til at elevar står i fare for å miste viktig læring.

Barneombodet arbeidde vidare med satsingsområdet trygg digital kvardag, der vi har hatt stor merksemd på styrking av barns forbrukarvern i sosiale medium og på internett, og å gi innspel til den kommande stortingsmeldinga.

I ei tid med auka utgifter og fleire familiar som må søkje om økonomisk stønad, har Barneombodet hatt tett dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet rundt korleis direktoratet kan rettleie dei kommunale Nav-kontora, slik at dei kan innarbeide barneperspektivet i saksbehandlinga. Vi er difor svært nøgd med at direktoratet har gjort eit grundig arbeid med ein ny rettleiar for lokale NAV-kontor. Den skal gi informasjon om korleis dei skal vareta omsynet til det beste for barn i sakshandsaming av søknader om økonomisk sosialhjelp.

Gode hjelpetenester til barn som treng det

I 2023 har Barneombodet halde fram arbeidet med oppfølging av rapporten «Kven skal eg snakke med no?», ein rapport om det psykiske helsetilbodet til barn og unge i kommunane.

Barneombodet har også halde fram arbeidet for å få betre ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Sentralt i dette arbeidet har vore forslaget til endringar i konfliktsrådsloven, straffelova osb. – strafferettslege reaksjonar og tvangsmiddel for ungdom som var på høyring i 2023. Basert på desse forslaga vedtok Stortinget hausten 2023 endringar i både konfliktrådslova og straffelova om dei strafferettslege reaksjonane for ungdom. Dette har ført til auka merksemd på korleis kommunane må styrkje innsatsen sin, både når det gjeld å førebygge ungdomskriminalitet og sikre tiltak som kan vareta ungdommen sine behov ved gjennomføring av straffereaksjonen ungdomsstraff.

Barneombodet lanserte rapporten «Blod er ikkje alltid tjukkare enn vatn» våren 2023. Rapporten byggjer på samtalar og innsikt frå barn i fosterheimsomsorga, barn som tidlegare har budd i fosterheim, fosterforeldre og tilsette i barneverntenesta. Rapporten har tydelege anbefalingar for å styrkje fosterheimsomsorga og for å styrkje vernet av barn, og har fått stor merksemd, Vi har delteke på mange konferansar og møter for å presentere rapporten og anbefalingane våre.

I 2023 la Barnevernutvalet fram si utgreiing, som gir ny og oppdatert kunnskap om kva som fungerer og kva som kan bli betre i norsk barnevern. Vi har jobba mykje med oppfølging av utgreiinga, og har gjennom arbeidet vårt også prøvd å bidra til ein opplyst offentleg debatt rundt kva dommane frå Den europeiske menneskerettsdomstolen mot Noreg faktisk inneber.

Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester

Barneombodet presenterte i 2023 eit innsiktsarbeid om «Laget rundt barn og unge». Innsiktsarbeidet var basert på innspel frå fagforeiningar og organisasjonar. Føremålet med arbeidet er å gje innsikt i og forståing for kva som skal til for at barn og unge skal få den hjelpa dei treng rundt seg i barnehage og skule.

Myndigheitene tek ansvar for å oppfylle, respektere og verne barn sine rettar

Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. Både offentlege myndigheiter, fylke og kommunar har plikt til å vurdere dette, ikkje berre i enkeltsaker, men også på systemnivå. For å bidra til at dei som arbeider med dette skal få auka kunnskap og større mogelegheit til å vareta dette grunnleggjande omsynet, har Barneombodet i 2023 utvikla eit e-læringsverktøy. Det gir rettleiing i korleis dei kan gjere barnets beste-vurderingar og vareta barns rett til å bli høyrt.

Barneombodet er svært tilfreds med at Finansdepartementet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring vil endre den generelle rettleiinga til utgreiingsinstruksen, slik at ein sikrar betre konsekvensvurdering av barns rettar ved statlege tiltak. Dette er ei oppfølging av dialogen Barneombodet allereie hadde med Barne- og familiedepartementet om dette temaet.

På Lucy Smiths barnerettigheitsdag i 2023 var temaet 20 år med inkorporering av FNs barnekonvensjon. Vi arrangerte dette i samarbeid med UiO.


Kommunikasjonsarbeid

Barneombodet har innpassa kommunikasjonsarbeidet godt i verksemda, og kommunikasjon er ein del av den nye strategien. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.

Medieomtale

I 2023 var vi nemnde i nærmare 1 300 saker i pressa. Fagområda der Barneombodet var mest omtalt, handla om skule, barn og straff, barnevern og psykisk helse. Barneombodet hadde 18 kronikkar og debattinnlegg på trykk om ulike tema i aviser, noko som er på nivå med året før.

Tal på mediesaker

  • 2019: 976
  • 2020: 1 381
  • 2021: 1 581
  • 2022: 1 267
  • 2023: 1 252

Nyheitsbrev

Barneombodet sende i 2023 ut 18 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har auka frå 4 330 til 4 888 personar det siste året. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet aukar jamt. Svært mange opnar nyheitsbrevet, og det er etter vårt syn eit treffsikkert tiltak.

Sosiale medium

Barneombodet har (per 06.03.24) 33 158 følgjarar på Facebook,15 638 følgjarar på X (Twitter), 5 413 på Instagram, og 3 167 følgjarar på LinkedIn. Talet på følgjarar på Facebook går noko ned, som er ei generell utvikling, medan vi har ein stor auke på LinkedIn. Barneombodet satsar i hovudsak på Facebook og LinkedIn som eksterne digitale kommunikasjonskanalar.

Nettsider

I 2023 gjekk Barneombodet over frå Google Analytics til Fathom som analyseverktøy for statistikk på nettsida. Dette på grunn av personvernomsyn. Frå 6. mars til 31. desember 2023 hadde barneombodet.no 235 800 sidevisningar og 131 900 unike brukarar på nettsida. Det er ein nedgang frå 2022, men statistikken gjeld for berre 10 månader. I 2023 hadde vi om lag 125 200 besøkjande som kom direkte til våre sider, og 91 000 besøkjande frå organiske søk (til dømes Google). Andre brukarar kjem til nettsidene våre via Facebook, LinkedIn eller andre referansesider.

Sidene om rettane til barn og unge («Rettane dine») er dei mest lesne på nettsidene våre. Temasidene om kriminalitet og straff, skule, pengar og jobb, seksualitet, sosiale medium og fritid er dei mest populære. I tillegg er sida om FNs barnekonvensjon mykje besøkt.

Eit stort arbeid som blei påbyrja i 2023 var eit nytt e-læringsverktøy om barns rettar. Dette er knytt til nettsidene til Barneombodet, og er laga i same profil i samarbeid med eit eksternt byrå.

Arrangement

I 2023 hadde Barneombodet eit arrangement på Mesh i Oslo der vi lanserte rapporten om barn og unge i fosterheim. Arrangementet var fullteikna, og barne- og familieminister Kjersti Toppe tok imot rapporten.

Barneombodet arrangerte i november for tiande gong Lucy Smiths barnerettsdag, eit arrangement vi har i samarbeid med Universitetet i Oslo. Tema var kva det har hatt å seie for barnerettane i Noreg at barnekonvensjonen blei ein del av norsk lov. Arrangementet er populært og var som vanleg fullteikna.

I februar 2024 arrangerte Barneombodet eit stort frukostseminar på Sentralen i Oslo, der vi lanserte det nye e-læringsverktøyet om barns rettar. Det var heilt full sal og også der var barne- og familieminister Kjersti Toppe og heldt eit innlegg.

I mars 2024 hadde vi eit vellykka arrangement i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark på The Edge i Tromsø, der det og var ei digital sending med meir enn 2 200 påmelde. Vi har også hatt eit stort digitalt arrangement med Statsforvaltaren i Vestland, der det var påmeldt over 1 500 personar. Målgruppa for begge arrangementa var i hovudsak leiarar og tilsette i kommunane, og temaet var det nye e-læringsverktøyet.

Stream
Bilde fra Lucy Smiths barnerettighetsdag 2023

Styring og kontroll i verksemda

Barneombodet er den øvste leiaren og har ansvaret for at verksemda blir driven forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombod og i instruksen for Barneombodet. I tillegg gjeld tildelingsbreva frå Barne- og familiedepartementet og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Det er fastset ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.

Barneombodet nyttar mål- og resultatstyring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker mellom anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.

I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om i 2023. Desse rapporteringskrava er tekne til følgje og blir omtalte nedanfor.


Fellesføringar frå regjeringa

Lærlingar

Barneombodet er ei lita verksemd og har ikkje hatt kapasitet til å ta imot lærlingar i 2023. Vi har derimot hatt ein masterstudent i jus som har skaffa seg arbeidspraksis ved å svare på førespurnader frå privatpersonar ein gong i veka og fire masterstudentar i jus som har hatt skriveplass ved kontoret.

I tillegg har vi i 2023 også hatt ein student i kommunikasjonsfag inne i 25 prosent stilling i seks månader som vikar for ein av våre tilsette. Studentane har høve til å delta i det daglege arbeidd hos Barneombodet.

Konsulentbruk

Barneombodet bruker interne ressursar og kompetanse i det daglege arbeidet. I den grad vi brukar konsulenttenester, er det i kortvarige prosjekt for å løyse oppgåver vi ikkje har kompetanse på sjølve.

I 2023 har vi brukt 696 000 kroner på konsulenthjelp til å utvikle eit e-læringsprogram om barnerettane. I tillegg brukte vi 38 000 kroner på konsulenttenester til eit prosjekt om arbeidet vårt med medverknad frå barn og unge. Vi kjøpte også tenester frå kommunikasjonsbransjen for 15 000 kroner, dette var ei omdømmeundersøking.

Desentralisert arbeid

Barneombodet har ikkje desentralisert verksemda. Vi er ein liten verksemd med berre 20 tilsette, og det ville ikkje vere formålstenleg for arbeidsmiljøet å spreie oss utover i landet. I tillegg er det viktig for oss å ha fysisk nærleik til dei sentrale styresmaktene, som Storting, regjering, departement og direktorat, for å kunne utføre oppgåvene våre.

Regjeringa si tillitsreform

Det overordna målet med tillitsreforma er at innbyggarane skal få offentlege tenester med betre kvalitet og til rett tid. Barneombodet er i hovudsak eit overvakingsorgan, og ikkje ein tenesteytar, og har ikkje eigne tiltak etter reforma.

Digitalisering, digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap


Digitalisering, digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap

Digitalisering

Barneombodet held fram med å etterleve krava og føringane for digitalisering i offentleg sektor. Vi har ikkje hatt nokon nye digitaliseringsprosjekt i 2023.

”Orden i eige hus”

Barneombodet har god oversikt over deling og gjenbruk av eigne data. Vi delar ikkje data med andre, men bruker eigne data internt.

Vi behandlar i hovudsak data i lukka system som Public 360 og DFØ-systema, og på serverar som er lagra hos Intility. Vi laga ei fullstendig oversikt over desse systema i samband med innføring av styringssystemet for informasjonstryggleik.

Det siste året har vi også utvikla ein detaljert behandlingsprotokoll for personopplysningar.

Digital kompetanse

Som eit tiltak for å auke den digitale kompetansen hos Barneombodet, held vi jamlege interne kurs der vi tek opp relevante problemstillingar, spesielt knytte til saks- og arkivsystemet vårt.

Digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap

Med hjelp av styringssystemet for informasjonstryggleik held Barneombodet fram arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien for digital tryggleik og NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.

Barneombodet oppdaterer ROS-analysane sine årleg og går igjennom dei fire gonger i året. Den største risikoen for Barneombodet er at personopplysningar, og då spesielt sensitive personopplysningar om barn og unge, skal komme på avvege. Dette ville vere ille både for den enkelte og for Barneombodet sitt omdømme. Vi har derfor ekstra medvit om dette i rutinane for lagring og behandling av personopplysningar.

Barneombodet reviderte delar av krise- og beredskapsplanverket i april 2023.

Beredskapsplanen består av ein generell del med mål og definisjonar, risikovurderingar, årlege aktivitetar, organisering av arbeidet, rutinar i beredskapsarbeidet og evaluering og læring. I tillegg har vi tiltaksskort for ulike hendingar, for eksempel brann, personskade, pandemi og omdømmekriser.

Den siste kriseøvinga gjennomførte vi i desember 2023. Då hadde vi ei skrivebordsøving om phishing, altså brot på den digitale tryggleiken. I 2023 hadde vi også ei kriseøving i leiargruppa, der vi øvde på korleis vi skulle handtere ein eventuell brann i lokala våre.

Barneombodet reviderte alle dei styrande dokumenta til styringssystemet for informasjonssikkerheit sist i 2022, men risikoregisteret og handlingsplanen blir oppdatert årleg. Styringssystemet består av ei rekkje styrande dokument, for eksempel policy, system, roller og tilgangsstyring, instruksar, årshjul, risikoregister, handlingsplan, personvernerklæring og avviksskjema.

I årshjulet er beredskap sett opp som fast tema når det gjeld styring av verksemda, og er noko vi skal ha jamleg merksemd på framover.

Oppfølging av saker frå Riksrevisjonen

Barneombodet har ikkje hatt merknader frå Riksrevisjonen.

Oppfylling av språklova § 13

Barneombodet har framleis høgt medvit rundt bruken av nynorsk. I 2023 publiserte vi 107 innlegg til saman på sosiale medium, 33 postar var på nynorsk og 74 på bokmål. Dette gir eit gjennomsnitt på 31 prosent nynorsk i dei sosiale media våre.

Tiltak for effektivisering

Eit av satsingsområda i strategien handlar om Barneombodet som organisasjon. I 2023 har vi halde fram med å ha merksemd på delmålet meir effektive arbeidsprosessar, mellom anna gjennom å bruke Teams i større grad til webinar, kurs og møte.

I tillegg har vi jobba for å effektivisere arbeidet gjennom kompetanseheving og omfordeling av oppgåver internt.

Andre rapporteringskrav

Inkluderande arbeidsliv (IA) og arbeidsmiljø

I 2023 var det totale sjukefråværet 4 prosent. Dette er ein nedgang frå 2022, då det var 4,3 prosent. Av dette var det eigenmelde sjukefråværet 1,5 prosent i 2023 og det sjukmelde fråværet 2,5 prosent. Det eigenmeldte fråværet har gått noko ned frå 1,8 prosent i 2022. Vi ser ikkje på sjukefråværet vårt som for høgt, men følgjer det tett opp gjennom året. Det er dei enkelte avdelingsleiarane som har ansvaret for å følgje opp dei sjukmelde i avdelingane. Barneombodet legg vekt på å leggje til rette for at medarbeidarane kan vere i arbeid og også komme raskt tilbake etter sjukdom.

Barneombodet er opptatt av å ta hand om det psykososiale arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet. Vi har årlege vernerundar og legg vekt på det førebyggande HMS-arbeidet. Barneombodet har valt å halde fram med ordninga der dei tilsette har tilbod om ein time trening i arbeidstida per veke.

Aktivitets- og utgreiingsplikta

Barneombodet har som offentleg verksemd ei konkret aktivitets- og utgreiingsplikt for arbeidet med likestilling og diskriminering. Arbeidet med dette skjer i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året.

Vi arbeider aktivt for å fremje likestilling og mangfald når vi rekrutterer nye medarbeidarar. 10 prosent av dei tilsette hos Barneombodet har ikkje-vestleg bakgrunn.

I 2023 hadde Barneombodet 20 tilsette, av dei fem menn. Vi har halde fram arbeidet for å få ein betre kjønnsbalanse og i 2023 auka talet då vi tilsette ein mann til.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn. Vi har jobba aktivt for å få eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som opprettheld likeverd mellom kjønna.

Barneombodet har ein kompetanseutviklingsplan som vi reviderer kvart år, og utviklingsmoglegheiter for den enkelte tilsette er eit fast punkt på dei årlege medarbeidarsamtalane.

Tilsette hos Barneombodet har høve til å jobbe på heimekontor ein dag i veka, men kan få fleire dagar ved behov. Det er generelt ein god balanse mellom arbeid og fritid hos Barneombodet.

Vesentlege forhold for styring og kontroll av verksemda

Barneombodet har ikkje gjort store endringar når det gjeld styring og kontroll av verksemda i 2023. Det er heller ikkje avdekt styringssvikt, feil eller manglar.

Revisjon

Riksrevisjonen reviderte årsrekneskapen vår for 2022 i byrjinga av 2023. Dei hadde ingen merknader.

Klima- og miljøtiltak

Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar medarbeidarane til å velje det mest miljøvennlege alternativet når dei reiser, mellom anna å ta tog i staden for fly der det er føremålstenleg.

I tillegg held Barneombodet fram med å digitalisere verksemda, mellom anna ved å publisere rapportar i hovudsak i digital form, og sende mest mogleg brev per e-post og digital post for å redusere papirbruken.

Framtidsutsikter

2024 blir eit interessant og krevjande år for Barneombodet. I april avsluttar Inga Bejer Engh sitt åremål som barneombod, og det nye ombodet vil antakeleg vere på plass i august. Då vert det ein travel haust, både med å lage ny strategi for verksemda og samtidig sørgje for at det nye ombodet kjem seg raskt og godt inn i den nye stillinga si. Vi ser fram mot ein spennande og utviklande endring for organisasjonen.

Når det gjeld ny strategi, så vil Barneombodets leiargruppe setje i gang å førebu dette før det nye ombodet kjem, slik at prosessen til hausten med ny strategi vil vere så effektiv som mogleg. Det blir samtidig viktig å bruke dette arbeidet til å gjere det nye ombodet godt kjent med organisasjonen og dei tilsette, og ikkje minst med våre arbeidsoppgåver og utfordringar på barnerettsområdet framover.

Barneombodet vil denne perioden arbeide med å utvikle verksemdsstyringa vidare. Vi skal fastsetje ein ny lønnspolitisk plan og vil også sjå på enkelte rutinar på nytt i samanheng med at det kjem eit nytt ombod.

Av store oppgåver som ventar i året som kjem, er mellom anna rapporteringa til FN om status på barnerettsområdet. Vi vil halde fram arbeidet med å gjere e-læringsprogrammet vårt kjent bland målgruppene og elles arbeide etter den noverande strategien fram til den nye er på plass mot slutten av året.

Det er sett i gang ei ekstern evaluering av medverknadsarbeidet til Barneombodet som skal bidra til å ytterlegare styrke og utvikle denne delen av Barneombodets arbeid. I lys av dette vil vi gå gjennom medverknadshandboka og våre metodar for medverknad.

Barneombodet er ei kunnskapsverksemd, og det er viktig at vi utviklar vidare kompetansen på alle område i verksemda. Vi deltek i fleire nettverk, både på kommunikasjons-, fag- og administrasjonssida, med andre offentlege organ. Dette er viktig både for å dele og for å utveksle kompetanse. I 2024 skal vi utvikle ein ny kompetanseplan som skal sikre at vi er godt rusta for å overvake og vere ein pådrivar for barns rettar også i framtida.

Årsrekneskap

Barneombodet er ei brutto-budsjettert verksemd som fører rekneskap etter kontantprinsippet for statlege verksemder.

Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet.

Årsrekneskapen gir eit dekkjande bilete av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. All vesentleg informasjon går fram av årsrekneskapen.

Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.

Kommentarar til årsrekneskapen

Barneombodet fekk i 2023 ei samla tildeling på kapittel 0848 på kr 25 170 000. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B. Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var kr 1 066 566. Vi har søkt om å få overført dette beløpet til 2024. Vi viser til utrekningane i note B.

Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2023. Artskontorapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman kr 23 759 727 i 2023. Tilsvarande tal for 2022 var kr 22 182 215.

Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde kr 18 175 758 i 2023, mot kr 16 631 543 i 2022. Lønnsdelen av dei rekneskapførte utbetalingane utgjer 76,5 prosent i 2023, mot 73,5 prosent i 2022. Det har vore ein relativ stor auke i lønningane i 2023.

Talet på utførte årsverk er 17 årsverk i 2023, mot 16,64 i 2022. Dei bokførte kostnadene til investeringar var på kr 343 707 i 2023, mot kr 423 447 i 2022. Mellomverande med statskassa var kr 795 680.

Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato og kjem i løpet av 2. kvartal 2024.

Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart den er offentleg.

Oslo, 15.03.2024

Prinsippnote til årsrekneskapen 2023

Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og laga fram etter nærmare retningslinjer fastsetje i føresegnene om økonomistyring i staten (“bestemmelsene”). Årsrekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2022 og eventuelle tilleggskrav fastsette av det overordna departementet.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:

  1. Rekneskapen følgjer kalenderåret.
  2. Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
  3. Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
  4. Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.

Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlina “Netto rapportert til løyvingsrekneskapen” er lik i begge oppstillingane.

Barneombodet er knytt til konsernkontoordninga i staten i Noregs Bank i samsvar med krava i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Saldoen på den enkelte oppgjerskontoen blir nullstilt ved overgangen til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser verdiane Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen.

Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som vi har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som vi har fullmakt til å disponere. Kolonnen for samla tildeling viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle dei finansielle eigedelane og forpliktingane vi står oppførte med i kapitalrekneskapet til staten.

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og står derfor ikkje som inntekt i oppstillinga.

Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapporteringa med notar viser rekneskapstal som er rapporterte til statsrekneskapen. I tillegg viser nóta til artskontorapporteringa «Samanheng mellom avrekning med statskassa og mellomverande med statskassa» bokførte tal frå kontospesifikasjonen vår i kolonnen «Spesifisering av bokført avrekning med statskassa». Nóta viser skilnaden mellom beløp Barneombodet har bokført på eigedels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen vår (under dette saldo på kunde- og leverandørreskontro), og beløp vi har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomverande med statskassa.

Barneombodet har innretta bokføringa slik at den følgjer krava i føresegnene om økonomistyring i staten. Det inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskaprapportering, jf. føresegnene

punkt 3.3.2, og spesifikasjonar pliktig rekneskaprapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokførte. Føresegnene krev mellom anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Det medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokført i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapportert til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen.

Last ned PDF

Last ned Årsrapport og årsrekneskap 2023 (pdf, 1012.3 kb)

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev