Årsrapport og regnskap 2021
Les merInnholdsfortegnelse
Melding frå leiaren
Også 2021 vart eit år vi brukte mykje tid på å overvake korleis myndigheitene handterte barnerettane i Grunnlova og FNs barnekonvensjon under koronapandemien. I august la vi fram rapporten «Det er forskjell på hva du går glipp av når du er 15 år og når du er 45 år», eit sitat vi synest forklarer godt korleis det er å vere ungdom i pandemien.
Barneombodet har framfor alt følgt godt med på situasjonen for dei særskilt sårbare barna og er framleis uroa for om rettane deira blir oppfylte. Generelt har barn og unge bore ei tung bør under pandemien, og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for mange av dei. No vil vi følgje med på om myndigheitene undersøkjer dei langsiktige konsekvensane på den psykiske helsa til unge og på retten til opplæring, og ikkje minst at dei sørgjer for at barn og unge får den hjelpa dei har rett på.
Sidan vi i 2020 la fram rapporten om tilbodet barn og unge får i barne- og ungdomspsykiatrien, har Riksrevisjonen òg kome med ein rapport med funn som samsvarer med det vi fann i vår rapport. Psykisk helse var eit tema vi hadde stor merksemd på i 2021, og i år vil vi leggje fram ein ny rapport der vi ser på det psykiske helsetilbodet til barn i kommunane.
Vi har arbeidd vidare for at det må bli lovfesta ein rett for barn under offentleg omsorg til å få kartlagt si eiga helse, og vi no er eit langt steg vidare ved at Stortinget skal behandle saka i vår. Dette vil vere eit viktig bidrag til at barn under offentleg omsorg får betre tilrettelagd omsorg og hjelp.
Vi har også lagt fram ein rapport om barn som treng hjelp frå fleire tenester i oppveksten, og ein rapport om barnerettsvurderingar. I april 2021 arrangerte Barneombodet eit nytt høgnivåmøte der dei 35 organisasjonane som hadde forplikta seg til å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge, rapporterte om arbeidet dei har gjort det siste året.
Som barneombod er eg opptatt av korleis myndigheitene i praksis følgjer opp dei rettane barn har etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Vi opplever dessverre at myndigheitene i liten grad tar rettane til barn med i avgjerdsgrunnlaget når dei utformar politikk som gjeld barn, til dømes i lovarbeid. Dette vart svært synleg under pandemien, men vi ser òg at dette har mangla i mange viktige høyringar og utvalsarbeid. I 2021 tok vi derfor initiativ til at myndigheitene skal implementere barnerettsvurderingar i Noreg. Vi blei svært glade for å sjå at regjeringa i stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur løfta fram at myndigheitene har plikt til å gjere barnerettsvurderingar. Vi håpar no at Barne- og familiedepartementet tar ballen vidare og vil ta ansvaret for at konvensjonen blir implementert godt i praksis. Dette blir eit viktig tema for meg i åra som kjem.
Barneombodet behandlar ikkje enkeltsaker, men vi legg stor vekt på å rettleie alle som kontaktar oss. I fjor svarte vi på 849 skriftlege førespurnader frå privatpersonar. Dei fleste spør om rettane til barn på ulike område og om kva moglegheiter barn har til å klage.
I 2021 flytta Barneombodet inn i nye lokale. Vi ser at dette fører til ei effektiv organisering og drift, som er eit viktig mål for verksemda. Flyttinga frå cellekontor til ope arbeidslandskap har så langt gått bra. Vi har eit godt samarbeid med dei
tillitsvalde, og vi opplever alle at dette i all hovudsak er positivt for dei tilsette. Det har gått kort tid, og etter ein lang periode med heimekontor blir 2022 året då vi får prøvd ut dette for fullt. Vi har også starta eit internt arbeid med å gå gjennom verksemdstyringa. Sjølv ein liten organisasjon som Barneombodet må ta omsyn til alle krav i lovverk og i rettleiingar for statlege verksemder, på lik linje med dei store verksemdene.
Barneombodet har også i 2021 halde ei rekkje foredrag, hatt møte med mange organisasjonar og politikarar og stått for fleire både digitale og fysiske arrangement. Vi har hatt eit høgt aktivitetsnivå også i 2021. Vi opplever generelt å bli tatt godt imot, at myndigheitene tar anbefalingar frå oss på alvor, og at vi oppfyller krav og forventningar andre aktørar har til oss. På nyåret 2022 la eg fram strategien for dei siste åra mine som barneombod. Nokre av områda tar vi med oss vidare, slik som psykisk helse og barnevern. Vi har dei siste tre åra sett eit behov for å styrkje arbeidet vårt med samarbeid mellom aktørar som arbeider med barn, frå statleg hald og ned til den einskilde tenesta. Derfor er mellom anna dette eit område som er løfta fram i den justerte strategien.
Det står att mykje viktig arbeid for at barn skal få det betre. Eg ser fram til eit nytt år med spennande utfordringar!
Inga Bejer Engh
barneombod
Introduksjon av verksemda og hovudtal
Rolla til Barneombodet
Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private og følgje med på utviklinga i oppvekstkåra til barn.
Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barn, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barn, og følgje med på om endringane er gode for dei.
Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnrettane og tiltaka barn har behov for.
Barneombodslova og forskrifta om instruks for barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og fagleg uavhengig.
Barneombodet er leidd av barneombod Inga Bejer Engh, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda. I 2021 var det 22 tilsette i Barneombodet, 19 i faste stillingar og 3 vikarar for tilsette i permisjon. Stillingane fordeler seg på tre einingar: fag, kommunikasjon og administrasjon.
Barneombodet har valt fire satsingsområde som vi skal prioritere i perioden 2019–2021, og kvart område har fleire hovudmål. Dei fire satsingsområda vi skal jobbe med, er
- å førebyggje utanforskap blant barn og unge
- å tilby best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge
- å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet
- å sørgje for ein tryggare digital kvardag for barn og unge
Barneombodet har breitt mandat. I tillegg til dei fire satsingsområda for perioden følgjer Barneombodet også andre viktige prosessar tett. Det gjeld spesielt arbeidet med vald mot barn, eit trygt skulemiljø og implementering av barnekonvensjonen.
Nøkkeltal 2021
I 2021 registrerte Barneombodet 2 691 inngåande og utgåande dokument. Omtrent halvparten av dokumenta er spørsmål frå privatpersonar og svar på desse, der vi rettleier om barnerettane og moglegheiter til å klage.
Talet på inngåande og utgåande dokument totalt
- 2017: 5 978
- 2018: 5 597
- 2019: 3 985
- 2020: 3 384
- 2021: 2 691
Barneombodet bad om innsyn i éi sak relatert til koronasituasjonen. Den handla om omdisponering av helsesjukepleiarar.
Barneombodet leverte 33 svar på offentlege høyringar. Blant dei mest omfattande var høyringane om ny opplæringslov, barnelov og koronakommisjonen. Barneombodet sende 16 brev til offentlege myndigheiter der vi tok opp rettstryggleiken til barn på ulike område. Vi sende også fleire innspel til offentlege utval og til ulike komitear på Stortinget. I 2021, som i 2020, har mange av innspela og høyringssvara våre handla om koronasituasjonen og barnerettane. Alle høyringssvar, brev og innspel til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene til Barneombodet. Barneombodet heldt 68 føredrag i 2021.
I 2021 fullførte Barneombodet fleire prosjekt der vi fekk direkte informasjon frå barn og unge om ulike tema. Tema for rapportane var koronasituasjonen, barnerettsvurderingar og samarbeid mellom tenester for barn. Vi starta også opp eit prosjekt om tilgjengeleg psykisk helsehjelp i kommunane. Rapporten skal lanserast i 2022. Ombodet har dessutan starta opp arbeidet med å rapportere til FNs komité for barns rettar. Dette arbeidet held fram i 2022.
Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 23 886 000 kroner i 2021, sjå note A.
Av dei løyvde midlane blei 96,5 prosent brukt i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 820 308 kroner til 2022. Sjå utrekningar i note B.
I 2021 flytta vi arkivsystemet Public 360 frå lokal server til skyløysinga Public 360 Online. Dette hadde ein kostnad på vel 335 000 kroner, noko vi vil få igjen for på lang sikt ved at alle oppgraderingar er inkluderte og skjer automatisk. Etter 10 år i Karl Johans gate flytta Barneombodet til nye lokale i Torggata i 2021. Vi brukte omtrent 790 000 kroner av budsjettet til dette, blant anna til oppgradering av møteromma med teknisk utstyr, og nye møblar i den sosiale sona i lokalet for å auke trivselen. Vi har gjenbrukt mykje, både møtebord, arbeidsbord, stolar og kontorskap.
Lønnskostnadene var på 16 908 349 kroner i 2021 (note 2). Lønnskostnadene utgjorde 73,3 prosent av driftsrekneskapen. Gjennomsnittleg lønnskostnad per årsverk var 961 248 kroner inkludert arbeidsgivaravgift og pensjonskostnader. I denne berekninga har vi brukt utførte årsverk, ikkje faktiske årsverk som ved tidlegare rapporteringar.
Aktivitetar og resultat i 2021
Resultatmåla for 2021 følgjer den treårige strategien for ombodet for 2019–2021.
Arbeidsmetodane til Barneombodet kan delast i fire: overvaking, opplæring, påverknad og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for barnerettane. I slike prosessar bruker vi blant anna innsynsretten og medverknad frå barn. Dette dannar grunnlaget for Barneombodets fagrapportar, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter. Vi arbeider aktivt for å få gjennomslag for anbefalingane gjennom ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet vårt er retta mot enkeltpersonar som tar kontakt, både vaksne og barn.
Resultat 2021
Resultatmål
Barneombodet har fire satsingsområde i strategien for 2019–2021. Her omtaler vi kort resultata innanfor dei fire områda for 2021.
Arbeide for å førebyggje utanforskap blant barn og unge
I 2021 har Barneombodet arbeidd for å betre ungdomsstraffa, betre kontroll med tvang mot barn frå politiet og betre tilbod i barnevernet til barn i konflikt med lova. Vi har også gitt innspel til ny stortingsmelding om ungdomskriminalitet.
Barneombodet har også arbeidd med målet om betre tverrfagleg samarbeid for barn og unge og er tilfreds med at lovendringar er vedtatt på dette området.
Arbeide for best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge
Barneombodet lanserte våren 2020 rapporten «Jeg skulle hatt BUP i en koffert», om ei psykisk helseteneste tilpassa behova til barn og unge. Barneombodet hadde samtalar med både behandlarar på barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar, barn som har fått hjelp i BUP, og foreldre til barn som har fått hjelp. I rapporten var det ei rekkje anbefalingar til myndigheitene. Vi har arbeidd med å få gjennomslag for anbefalingane i 2021. Helsetilsynet har sett i gang tilsyn med det psykiske helsetilbodet til barn og unge. Barneombodet er nøgd med at det no blir ein slik gjennomgang.
Arbeide for å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet
I 2019 undersøkte Barneombodet om barn i barnevernsinstitusjonar får den omsorga og behandlinga som dei har krav på etter barnevernlova. Rapporten «De tror vi er shitkids» blei lansert i januar 2020 og inneheld mange anbefalingar til myndigheitene. Barneombodet har følgt opp anbefalingane vidare i 2021.
Store politiske prosessar er i gang på barnevernsområdet. Vi har gitt innspel til Barnevernsutvalet, som skal sjå på rettstryggleik for barn i barnevernet, og til fleire pågåande prosessar i Barne- og familiedepartementet og Bufdir.
I 2021 har Barneombodet framleis arbeidd med å få Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet til å lovfeste at barn har rett til å få kartlagt si eiga helse ved omsorgsovertakingar og åtferdsplasseringar. Det er svært positivt at dette no er vedtatt i Stortinget.
Barne- og familiedepartementet ber Barneombodet om å rapportere årleg om talet på bekymringsmeldingar vi sender til barnevernet. Barneombodet sende éi bekymringsmelding til barnevernet i 2021.
Arbeide for ein tryggare digital kvardag for barn og unge
Barneombodet har sett eit stort behov for å samordne arbeidet for ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Derfor tok Barneombodet i 2019 initiativ til ei slik samordning ved å invitere til eit høgnivåmøte. Alle inviterte forplikta seg til å underteikne ei felleserklæring og to eigne tiltak for å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Det andre høgnivåmøtet blei halde i april 2021, og alle aktørane orienterte om tiltaka dei hadde gjennomført. Barneombodet er nøgd med at Barne- og familiedepartementet har tatt det heilskaplege ansvaret for ein trygg digital oppvekst, og at regjeringa vil arbeide vidare med strategien for trygg digital oppvekst, «Rett på nett».
Implementering av barnekonvensjonen
Eitt av verkemidla for å få implementert FNs barnekonvensjon er at myndigheitene gjennomfører barnerettsvurderingar ved utforminga av politikk, lover, planar og andre politiske prosessar som handlar om barn. Barneombodet ønskjer at dette skal gjennomførast i saker som blir behandla av både statlege, regionale og kommunale myndigheiter. Koronapandemien har tydeleg vist oss at barnerettane ikkje blir tatt med i vurderingane om smitteverntiltak i den grad dei burde.
Barneombodet har no gått i dialog med myndigheitene om å utarbeide ei rettleiing for gjennomføring av barnerettsvurderingar. Som ein del av dette arbeidet etablerte Barneombodet ei ekspertgruppe med ungdommar som laga ein rapport om korleis barn kan bli involverte i slike barnerettsvurderingar.
Trygt og godt skule- og barnehagemiljø
Barneombodet har gitt eit omfattande høyringssvar til forslaget til ny opplæringslov i 2021. Vi har òg vore aktive for å sikre ei betre barnehagelov med reglar om barnehagemiljø, handsamingsordning og tilsynsapparat. Samstundes gir vi informasjon til privatpersonar som tar kontakt med oss, om kva rettar og klagemoglegheiter ein har. Arbeidet vårt på skuleområdet blei svært prega av situasjonen knytt til koronapandemien, og vi har arbeidd mykje med å sikre barns rett til opplæring.
I 2021 har Barneombodet også hatt merksemd på barn med funksjonsnedsetjingar i skulen. Barneombodet har gitt innspel til Likeverds- og mangfaldsutvalet og til dei politiske partia for å få verkeleggjort universell utforming av skulebygg.
Arbeid med covid-19
Barneombodet brukte også i 2021 mykje tid på å arbeide med å sikre barns rettar under koronapandemien. Vi sendte åtte brev til myndigheitene om situasjonen for barn i ulike sårbare situasjonar og har hatt fleire møte med myndigheitene for å gi våre anbefalingar. Vi har òg svart på høyringa om rapporten frå koronakommisjonen.
Det var stor medieinteresse gjennom heile året, og vi var svært aktive i debattar om dei smitteverntiltaka som blei gjennomførte lokalt og nasjonalt, for å minne om at tiltaka må vegast opp mot barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Vi har blant anna pressa på for at skular, barnehagar, fritidsaktivitetar og andre viktige tenester for barn og unge ikkje skulle bli stengde utan tilstrekkeleg smittevernfagleg grunn.
Kommunikasjonsarbeid
Barneombodet har ein eigen kommunikasjonsstrategi for verksemda. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.
Medieomtale Barneombodet var nemnt i nærmare 1 600 saker i den norske pressa i 2021. Fagområda der Barneombodet var mest omtalt, var saker knytte til pandemien, psykisk helse, barnevern, trygg digital kvardag og unge lovbrytarar. Det er i tråd med satsingsområda til Barneombodet. Barneombodet hadde åtte kronikkar og debattinnlegg om ulike tema på trykk i aviser.
Talet på mediesaker
- 2017: 1 301
- 2018: 1 145
- 2019: 976
- 2020: 1 381
- 2021: 1 581
Nyheitsbrev
Barneombodet sende i 2021 ut 16 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har auka til omtrent 4 200 personar. Talet på mottakarar aukar jamt, og vi såg ein stor vekst etter at vi i 2021 innførte eit pop-up vindauge der dei som er inne på nettsidene våre, kan registrere seg for å få nyheitsbrevet.
Sosiale medium
Ved inngangen til 2022 har Barneombodet 32 900 følgjarar på Facebook. Vi har 16 400 følgjarar på Twitter, på Instagram har vi over 4 800, og vi har nyleg tatt i bruk LinkedIn, der vi no har 720 følgjarar. Talet aukar jamt, med unntak for Twitter, som har ein nedgang på 200 følgjarar.
Nettsider
I 2021 hadde Barneombodet i underkant av 300 000 sidevisningar på nettsidene. Det er ein nedgang på nesten 600 000 sidevisningar samanlikna med 2020. I 2021 hadde vi 76 000 brukarar frå organiske søk (til dømes Google), samanlikna med 307 000 brukarar i 2020. Vi venta ein nedgang i trafikken på grunn av endringar i lenkjestrukturen i samband med ny nettside hausten 2020. Den nye strukturen gjer at vi må byggje oss opp på nytt hos søkjemotorane. Det er berre ein liten nedgang i brukarar som kjem inn på nettsidene våre direkte, via sosiale medium eller andre som viser til oss.
Sidene om FNs barnekonvensjon er mest lesne på nettsidene våre.
Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på den nye visuelle profilen og dei nye nettsidene, som var ferdige i 2020. Byrået Bielke og Yang har i 2021 vunne fleire prisar for profilen. Den nye profilen har vi tatt med i utforminga av dei nye lokala våre, både i skilt, fargeval og utforming av veggdekoren.
Arrangement
Av omsyn til smittevern har Barneombodet i all hovudsak hatt digitale arrangement i 2021. Vi hadde eit større fysisk arrangement i april, eit høgnivåmøte om trygg digital kvardag for barn og unge på Gamle Logen. Dette arrangementet var berre for inviterte og var fullsett. Rapporten «Å eie sin egen historie», skriven av ungdommar som har trunge hjelp frå fleire tenester i oppveksten, vart lansert med eit digitalt arrangement i mai 2021. I juni hadde vi eit større digitalt arrangement om barnerettsvurderingar. Der la ungdommane i ekspertgruppa fram ein rapport om medverknad frå barn og unge i barnerettsvurderingar. I august la vi fram rapporten «Det er forskjell på hva du går glipp av på ett år når du er 16 og når du er 45» i eit større digitalt møte med koordineringsgruppa i pandemien. Arrangementet Lucy Smiths barnerettsdag i november var både fysisk og digitalt, og temaet i 2021 var barn i konflikt med lova.
Mållovsarbeid
Barneombodet legg framleis stor vekt på å bruke nynorsk. I 2021 har vi rapportert inn til Språkrådet at vi har gjennomsnittleg 31 prosent nynorsk i sosiale medium. Då årsrapporten vart skriven, hadde vi enno ikkje fått tilbakemelding frå Språkrådet for 2021 på dei andre tekstene.
Styring og kontroll i verksemda
Barneombodet er den øvste leiaren for verksemda og har ansvaret for at verksemda blir driven forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombod og forskrifta om instruks for Barneombodet. I tillegg til dette gjeld Barne- og familiedepartementets tildelingsbrev og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Det er fastsett ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.
Barneombodet nyttar mål- og resultatstyring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker blant anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.
I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om i 2021. Desse rapporteringskrava er tatt til følgje, og dette er gjort greie for nedanfor.
Inkluderingsdugnaden
Inkluderingsdugnaden har som mål at minst fem prosent av nytilsette i staten skal ha nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Fellesføringane frå regjeringa i tildelingsbrevet er knytte til krav om å arbeide systematisk for å fremje inkluderingsdugnaden regjeringa har tatt initiativ til.
Barneombodet gjorde tre tilsetjingar i 2021, ei fast stilling, eit årsvikariat med utlysing og ei administrativ tilsetjing i 12 månader. Det var ingen kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Tiltaka våre, som er skisserte i handlingsplanen for 2021, har vore blant anna å oppfordre alle kvalifiserte til å søkje stillingar uavhengig av funksjonsevne, inkludert dei med hòl i CV-en.
I tillegg har leiarar deltatt på DFØs webinar om mangfaldsrekruttering, e-læringskurset om det same og eit kurs i betre annonseutforming i regi av Jobbnorge.
Den største utfordringa med å nå målet er at Barneombodet berre har 19 fast tilsette, så vi har avgrensa kapasitet og ressursar til å setje i gang omfattande tiltak. I tillegg har vi få jobbutlysingar og få kvalifiserte søkjarar som høyrer til målgruppa. Det kan også hende at det vil ta noko tid før tiltaka vi innførte i 2021, verkar.
Samfunnstryggleik og beredskap
Barneombodet oppdaterer risiko- og sårbarheitsanalysane (ROS-analysane) sine årleg og går gjennom dei fire gonger i året. Vurderingane av risiko i 2021 viste ikkje eit kritisk bilde. Vi hadde ei beredskapsøving hausten 2021 og arbeider no med å oppdatere beredskapsplanane.
Digital tryggleik
Barneombodet implementerte i 2019 eit styringssystem for informasjonstryggleik, utarbeidd i samarbeid med PwC. Systemet inneheld sentrale rutinar, årshjul, handlingsplan og system for avviksrapportering. I 2021 har vi blant anna vurdert risikoen ved bruk av heimekontor og oppdatert informasjonssikkerheitsdokumenta med tanke på at dei skal bli lettare tilgjengelege for dei tilsette. Vi har også deltatt på webinar og møte i regi av Digdir, Norsis, NIFS og andre aktørar på feltet, for å auke den interne kunnskapen om informasjonssikkerheitsarbeid.
Andre rapporteringskrav
Inkluderande arbeidsliv (IA) og arbeidsmiljø
I IA-arbeidet legg Barneombodet vekt på å følgje opp sjukefråværet og tilsette som er sjukmelde. Barneombodet har valt å halde fram med at tilsette kan nytte seg av den utvida retten til eigenmelding i inntil 8 dagar.
I 2021 var det totale sjukefråværet fem prosent. Av dette utgjorde korttidsfråværet 1,3 prosent og det sjukmelde fråværet 3,7 prosent. Det var ein oppgang i det totale sjukefråværet på 1,3 prosent frå året før. I korttidsfråværet var det ein oppgang på 0,6 prosent. Vi ser ikkje på sjukefråværet som for høgt, men følgjer dette opp gjennom året. Det er dei enkelte leiarane som har ansvaret for å følgje opp dei sjukmelde i avdelingane. Barneombodet legg vekt på å leggje til rette for at medarbeidarane kan vere i arbeid og også kome raskt tilbake etter sjukdom.
Barneombodet er opptatt av å ta hand om det psykososiale arbeidsmiljøet og redusere sjukefråvær. Vi har årlege vernerundar og legg vekt på det førebyggjande HMS-arbeidet. Barneombodet har valt å halde fram med ordninga der dei tilsette har tilbod om ein time trening i arbeidstida per veke. I 2021 hadde vi ei mellombels ordning med «kontorstrekk» to gonger i veka i ein periode vi var på heimekontor, med ein ekstern instruktør.
Vesentlege forhold for styring og kontroll av verksemda
Det blei ikkje gjort store endringar i styring og kontroll av verksemda i 2021. Det er heller ikkje avdekt styringssvikt, feil eller manglar.
Revisjon
Riksrevisjonen reviderte årsrekneskapen til Barneombodet for 2020 i byrjinga av 2021. Dei hadde ingen merknader.
Likestilling og mangfald
Barneombodet arbeider aktivt for å fremje likestilling og mangfald når vi rekrutterer nye medarbeidarar. 10 prosent av dei tilsette hos Barneombodet har ikkje-vestleg bakgrunn.
Gjennom fleire år har Barneombodet hatt ei overvekt av kvinnelege tilsette. Per 1. januar 2021 arbeidde 25 prosent menn og 75 prosent kvinner hos Barneombodet. Andelen menn har auka med 5
prosentpoeng frå 2020. Alle i leiinga er kvinner. Vi ønskjer framleis å få ein betre kjønnsbalanse, og i 2021 har vi oppmoda menn spesielt om å søkje på stillingane vi har utlyst.
Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn. Vi har jobba aktivt for å få eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som held oppe likeverd mellom kjønn.
Klima- og miljøtiltak
Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar medarbeidarane til å velje det mest miljøvennlege alternativet når dei reiser, blant anna å ta tog i staden for fly der det er formålstenleg.
I tillegg held Barneombodet fram med å digitalisere verksemda gradvis, blant anna ved i større grad å publisere rapportane våre i digital form.
Tiltak for effektivisering
Den overordna strategien til Barneombodet gir tydeleg mål og retning for arbeidet, ressursbruken og prioriteringane våre. Ein implementert strategi er eit godt verktøy for å effektivisere arbeidet og få mest mogleg ut av ressursane til ombodet.
Hausten 2021 starta vi arbeidet med strategien for 2022–2024, og eitt av satsingsområda er å jobbe med Barneombodet som organisasjon. Eit delmål under dette er meir effektive arbeidsprosessar. For å nå dette målet skal vi syte for at vi har gode arbeidsverktøy og rutinar, og at vi går gjennom arbeidsprosessane våre jamleg med tanke på å effektivisere dei.
Microsoft Teams har blitt ein del av kvardagen hos Barneombodet og er eit effektivt arbeidsverktøy for samarbeid og kommunikasjon. I samband med oppgraderinga av Public 360 har vi i tillegg fått på plass ein integrasjon med Teams som gjer at vi kan samarbeide om dokument samtidig som dei er trygt lagra i arkivsystemet.
Vi la i 2021 ned det ordinære sentralbordet og gjekk over til å bruke jobbmobil og Bedriftsnett hos Phonero. Det gjer oss meir fleksible og ikkje avhengige av å vere på kontoret for å kunne ta imot samtalar.
Framtidsutsikter
Koronapandemien har vist oss at det framleis er ein veg å gå for å få implementert barnekonvensjonen i Noreg, også hos sentrale myndigheiter. Regjeringa har også i år kome med fleire inngripande tiltak knytte til pandemien som har store konsekvensar for barn og unge. Pandemien har vist at det er viktig med eit ombod som overvaker barns rettar i samfunnet.
I 2021 har Barneombodet, i tillegg til stor aktivitet knytt til pandemien, gjennomført alle aktivitetar i tråd med verksemdsplanar og den overordna strategien. Vi har komme svært langt med fleire av satsingsområda i strategien, men fleire av dei vil bli førte vidare i den nye strategien for 2022–2024.
Barneombodet er opptatt av korleis myndigheitene i praksis følgjer opp rettane barn har etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Framover ser vi eit stort behov for meir kunnskap om barnerettane hos statlege myndigheiter, både i departement, i direktorat, hos statsforvaltarane og i kommunane. Myndigheitene må i mykje større grad gjere gode vurderingar av barnerettane på systemnivået når dei skal utforme politikk, vedta lover eller ta andre avgjerder som har direkte eller indirekte innverknad på barn. Dette vil vere ei viktig sak for oss framover, og vi vil arbeide med å få relevante departement og direktorat til å ta tak i dette.
I 2021 flytta Barneombodet til mindre lokale og gjekk over frå cellekontor til ope landskap. Dette var eit tiltak for å spare pengar knytt til kutt i midlar frå Barne- og familiedepartementet. Flyttinga inneber nye arbeidsformer som må innarbeidast, men det har i all hovudsak vore positivt for verksemda.
I 2022 legg vi fram ny strategi for verksemda. Det blir første året vi har ein meir heilskapleg strategi der vi i tillegg til dei barnefaglege satsingsområda vil setje overordna mål innanfor både organisasjons- og kommunikasjonsområdet. I tillegg skal vi vurdere å justere arbeidsmetodane våre, og vi skal utvikle ein ny kompetanseplan som skal sikre at vi er godt rusta til å overvake og vere ein pådrivar for barns rettar også i framtida.
Årsrekneskap
Barneombodet er ei bruttobudsjettert verksemd som fører rekneskap etter kontantprinsippet for statlege verksemder.
Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet. Årsrekneskapen gir eit dekkjande bilde av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. All vesentleg informasjon går fram av årsrekneskapen.
Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.
Kommentarar til årsrekneskapen
Barneombodet fekk i 2021 ei samla tildeling på kapittel 0848 på 23 886 000 kroner. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B. Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var 820 308 kroner. Dette har vi søkt om å få overført til 2022. Vi viser til utrekningane i note B.
Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2021.
Artskontorapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman 22 161 311 kroner i 2021. Tilsvarande tal for 2020 var 21 875 348 kroner.
Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde 16 908 349 i 2021 kroner, mot 16 737 318 kroner i 2020. Lønnsdelen av driftsutgiftene utgjer 73,3 prosent i 2021, mot 76,5 prosent i 2020. Årsaka til nedgangen i lønnsdelen er refusjonar for sjukefråvær og foreldrepengar.
Talet på utførte årsverk er 17,59 i 2021, mot 17,74 i 2020, sjå forklaring til endringane i tala i note 2.
Dei bokførte kostnadene til investeringar var på 904 381 kroner. Auken i investeringskostnadene kjem i hovudsak av flyttinga av kontoret. Mellomværet med statskassen var 683 229 kroner.
Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato, men kjem i løpet av andre kvartal 2022.
Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart han er offentleg.
Prinsippnote til årsrekneskapen 2021
Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og lagd fram etter nærmare retningslinjer fastsette i føresegner om økonomistyring i staten. Årsrekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2019 og eventuelle tilleggskrav fastsette av det overordna departementet.
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:
- Rekneskapen følgjer kalenderåret.
- Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
- Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
- Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.
Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til bevilgningsregnskapet» er lik i begge oppstillingane.
Barneombodet er tilknytt statens konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Ved årsslutt blir saldoen på den enkelte oppgjerskontoen nullstilt ved overgangen til nytt år.
Løyvingsrapporteringa
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser verdiane Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som vi har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som vi har fullmakt til å disponere. Kolonnen for samla tildeling viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle dei finansielle eigedelane og forpliktingane vi står oppført med i statens kapitalrekneskap.
Artskontorapporteringa
Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomværet med statskassen. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og blir derfor ikkje viste som inntekt i oppstillinga.
Rekneskapstala i løyvings- og artskontorapporteringa med notar viser rekneskapstal rapporterte til statsrekneskapen. I tillegg viser noten til artskontorapporteringa «Sammenheng mellom avregning med statskassen og mellomværende med statskassen» bokførte tal frå vår kontospesifikasjon i kolonnen «Spesifisering av bokført avregning med statskassen». Noten viser forskjellen mellom beløp Barneombodet har bokført på eigendels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen vår (under dette saldo på kunde- og leverandørreskontro), og beløp vi har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomværet med statskassen.
Barneombodet har innretta bokføringa slik at ho følgjer krava i føresegner om økonomistyring i staten. Dette inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjon av pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokførte. Føresegnene krev blant anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Dette medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokførte i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapporterte til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen.