Stikkordarkiv: skule

Mobbing må stoppast så raskt som muleg

Vi har levert frå oss vårt svar på høyringa på rapporten frå Djupedalsutvalet til Kunnskapsdepartementet.  Djupedalsutvalet er ei gruppe menneske som dei har jobba sammen for å skrive ein lang og viktig rapport om mobbing. Ei høyring er ein måte å la folk få seie kva dei meiner om forslaga i rapporten.

Barneombodet får mange spørsmål om mobbing.  Viss du lurar på noko om mobbing, kan du sjekke her om nokon har spurt om det same som du lurar på.

Lenke til «Spør Barneombudet – spørsmål om mobbing»

No skal kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og dei som jobbar for han bruke litt tid på å lese alle kommentarane som har komme inn.

Etter det skal dei bestemme kva for nokre lovar og reglar som skal gjelde for at barn skal få rask hjelp slik at de ikkje opplever mobbing.

Eit kontor som tar i mot klagar
Djupedalutvalet har foreslått at barn og unge skal kunne klage til Barneombodet viss skolen ikkje stoppar mobbinga. Den jobben er vi villige til å ta, men det er det regjeringa og Stortinget som bestemmer.

Viss det ikkje blir Barneombodet som får den jobben, blir det eit anna kontor. Det er viktig at barn og unge får ein sted der dei kan klage.

Dei som jobber på eit slikt kontor må kunne lovene om mobbing i skolen, og snakke med barna.

Vi synest også at eit slikt kontor må kunne gi bøter eller ei anna form for straff til skolar og kommunar som bryt lova og ikkje gjer noko med mobbinga på skolane.

Visste du at vi har fått hjelp av barn og unge til å skrive ein rapport om mobbing? Den kan du lese her:

Lenke til rapport «Jeg vil drømme gode drømmer»

Ein stor takk
Tusen takk til alle barna og foreldra som har vore modige og delt historiane dykkar med oss. Dykkar stemmer har vore veldig viktige når vi har komme med forslag og kommentarar til arbeidet mot mobbing. Vi håpar og trur at dei tøffe erfaringane de har gjort dykk vil føre til at andre barn opplever mindre mobbing, og får hjelp tidlegare enn det de gjorde.

Høyringssvaret vårt kan du lese her:

Djupedalutvalget NOU 2015_2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø