13. desember 2019

Vennen til meg og ei vennine

Hei, eg og bestevennen min x er bekymra for ei bestevennina av oss. Vi er 14 år alle sammen og går i 9ande klasse på ungdomsskulen. Vi går alle tre i ulike klasser no, men vi er bestevennar sidan barneskulen, då vi gjekk i samme klasse.

Vi trur venninna vår har det vanskeleg i heimesituasjonen sin, og ikkje he det so lett. Ho er ikkje ein som snakkar mykje om følelser. Ho vise ikkje dei svake sidene hinna til folk og seie ikkje når ho er lei seg. Ho prøva å unngå det vonde, men eg og x merkar når ho er deppa og lei seg. Eg og x er dei einaste nærme vennane ho har sidan ho har hengt med nokre nye venner sidan 9ande starta. Vi er dei einaste som er igjen av barneskulevennane hinna.

Venninna vår greier seg ganske bra på skule til vanleg, men no så bryr ho seg ikkje. Vi merkar personleghetsforandring hos ho. Ho er meir lei seg, er ikkje like glad lenger(Sjølv om at ho verkar slik for andre mennesker), har gitt opp på skule, bryr seg ikkje om noko lenger. Ho klagar mykje på at ho vil og treng ein kjæreste, og verkar veldig lei seg og åleine om det, men vi trur ikkje at det eigentleg er det ho vil ha. Ho vil ha nokon som er der for ho, som ho føler seg trygg hos, kan prate med om alt. Ho treng nokon å snakke med. Og sidan eg og X er dei nærmaste vennane hinna som er igjen frå alle åra, veit vi at det er vi som må vere der for henne.
Vennina vår sine foreldre skilte seg når ho var veldig liten, og då var ho enebarn. Mora har fått seg ny kjæreste og to barn. Og faren har fått seg ny kjæreste og to barn. Faren og stemora har no skilt seg medan dei var forlova. Faren er mykje ut på arbeid og dei veit ikkje korleis det blir med ungane til faren og stemora heller. Venninna vår er veldig gla i dei, og vi veit heller ikkje korleis det blir når ho er med faren. Ofte kjem ho på overnatting til meg i lag med x eller er med besteforeldra.

Vi trur kanskje at det er litt vanskleg med mora også no. Ho har ikkje vært med mora på vertfall 2 veke, og kvar gang X spør når ho skal dit svarer ho “Vetsj”. Mora har blitt tatt for og mista lappen for narkotika for 1-2 år sidan, og vi lurer på kva som skjer no sidan ho ikkje har vært der på lenge og ikkje har so særleg lyst å prate om det. Vi veit at ho har det vanskeleg. Vi trur det kjem til å bli enda vanskelegare for ho, no som det nærmar seg jul. Eg trur ikkje ho veit kva som skjer sjølv enda.

Eg og X har tenkt å lage ein julegåvepresang der vi lager til eit brev der det står kor mykje vi sett pris på ho, kor mykje ho betyr for oss og at vi er her for ho. Vi skal også lage til masse bilder frå då vi har vore ilag, som er gode minner.
Vi vil vise at vi er her for ho.
Men det som er, er at ho ikkje har fortalt oss om faren og stemora. Ikkje nevnt det eingong. Eg har fått vite det av foreldra mine. Eg og xx veit ikkje kor grensa går før vi spør for personleg , og korleis vi skal spørre henne om ho har det bra, og kva som skjer med faren og stemora, og mora. Venninna vår fortel oss det ikkje, ho lika ikkje å prate om sann.
Korleis skal vi starte samtalen? Korleis skal vi spørre om korleis det går i heimesituasjonen og korleis ho har det? Vi vil ikkje presse ho til å prate om det, men viss ho fortsette å holde det inni seg blir det berre verre.

Hei,

Takk for spørsmålet. Vi har fjerna namna så ingen skal kjenne dykk att.

Det er veldig fint at de bryr dykk så mykje om venninna deira.

Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal gå fram for å snakke om noko som er så personleg. Vi har laga ei side som heiter den vanskelege samtalen med ein vaksen. Sjølv om dette er laga som hjelp for barn og unge som vil ta opp noko vanskeleg med ein vaksen, så trur vi at de kan finne nokre gode tips.

Lykke til!

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv