30. januar 2020

På skulen

Hei når vi er ute og har friminutt så blir det alltid krangling på fotball bana men lærar sei vi må ordne opp sjølv. Er det rett ?

Tema: Skole

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Nei, det er ikkje rett. Dei kan utfordre til at elevane sjølv ordnar opp, men om det ikkje går må dei vaksne hjelpa til. Lærarane skal passe på at dere har det bra på skulen, og at ingen blir plaga. Blir noen plaga, er det dei vaksne sitt ansvar å stoppe det. Dette står i opplæringslova.

Du kan ta opp dette med ein vaksen på skulen, helsesjukepleiar eller rektor. Du kan be foreldra dine om hjelp til dette.

Vi har meir informasjon om skulen sitt ansvar på denne sida.

Vi håper det løyser seg!

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv