14. mai 2019

Mobilregler

Hei. Mamma driver å sjekker meldingene mine uten at eg får vete det. Eg har spurt ho om eg kan få Snap men ho seier at eg ikkje får lov fordi eit par av vennene mine har skrive eit stygt ord eller to. Derfor meiner ho at ho må få sjå meldingane mine som ikkje går på Snap. Er dette greit?

Hei,

Aldersgrensa på snap er 13, så uansett er du for ung til å få snap utan at mora di seier ja.

Du har rett til privatliv. Det står i barnekonvensjonen artikkel 16. Mora di kan ikkje sjekke meldingane dine. Men om ho er bekymra for at du skriv stygge ting om andre, slik som venane dine har gjort, kan ho be om å få sjå meldingane dine. Ho bør ikkje gjere det utan at du veit det, men heller be deg om å vise dei til ho. Om du visar dei til ho, gjer du ho trygg på at du ikkje skriv stygge ting om andre.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv