27. mai 2019

Mobilforbud

Læraren min seier at viss vi bruker mobil på skulen 2 gongar blir mobilen tatt inn og vi får den tilbake etter 2 døgn. Er det lov? Kvifor bestemmer skulen at vi ikkje kan bruke mobil på fritida?

Tema: Skole

Hei

Skulen din kan ha eigne reglar om bruk av mobil på skulen, men dei kan ikkje gjere kva dei vil. Skulen kan til dømes ikkje behalde mobilen etter skuletid viss ikkje foreldra dine har gjeve samtykkje til det. Dersom dei har gjeve samtykkje, kan skulen behalde mobilen slik du skriv.

Vi har skreve meir om mobil på skolen og dine rettar på nettsida vår. Vi håper du finn svar på fleire spørsmål der.

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv