4. juni 2019

Kunst og handverk

Er det lov at Lærara kan gji oss heilårsprøve i matte i ein kunst og handverktime sjølvom det er samme lærar i matte og kunst og handverk

Tema: Skole

Hei

Takk for at du skriv til oss.

Det er ikkje noke forbud mot å gje ein matteprøve i ein time dere skulle hatt kunst og handverk. Læraren din skal sjølvsagt forberede dere på vanleg måte til ein slik prøve.

Skulen kan gjennom eit skuleår bruke timer litt på tvers av fag. Skulen skal likevel sørge for at dere får dei timane som eit fag skal ha i løpet av eit heilt skuleår. Når dere til dømes jobber med prosjekter på tvers av fag, kan timetal og fag være litt vanskeleg å telle nøyaktig. Men, skulen skal sørge for at dere får den undervisninga dere har krav på i de ulike faga.

Dersom læreren din bruker mange timer av faget kunst og handverk, kan dette være eit problem som dere må ta opp med læraren.

Helsing oss hos Barneombudet

Spørsmålsarkiv