14. januar 2020

Gutt på 14

Ein gutt som er 14 år som er god venn av meg har hatt familie problemer i 14 år han bur men bestemora og han hadde ein hund men han døde nå nylig, mora hans er psykisk syk og faren er alkoholiker, og eg har lyst og hjelpe han men han vill ikke snakke om det, det han pleier å gjer er å berre sitte i gangen å høre på musikk… kva skal eg gjer?

Tema: Følelser

Hei,

Det er fint at du ynskjer å hjelpe vennen din når han har det vanskeleg. Det er ikkje alltid så lett å vite kva ein skal gjere når venner slit. Det beste er kanskje at du spør korleis han har det, og om det er noko du kan hjelpe han med.

Du bør også dele tankane og bekymringane dine med ein vaksen du stoler på. Det kan vere foreldra dine, ein lærar på skulen eller helsesjukepleiar. Det kan vere viktig at nokre vaksne også veit om at vennen din har det vanskeleg.

Det finst også ei hjelpeteneste som heiter Sidetmedord. Her kan du skrive eller chatte om tema som det kan vere vanskeleg å snakke om.

Vi håpar dette ordnar seg.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv