21. mai 2019

Film på skulen

Hei! Eg har atypisk autisme og vi skal sjå film på skulen i morgen. Eg har hatt sak i ppt der det blei bestemt at eg kunne velge om eg vil sjå film eller ikkje. Læraren seier eg må. Det er ein film som er i tilleg 15+ og eg tørr spesielt ikkje å sjå sånne filmar. Eg synes det er spesielle ekkelt at vi må sjå det i auditoriumet. Eg vil ha svar på dette: 1. Kvifor må vi sjå film på skulen? 2. Har eg rett på fritak når eg har fått ein rett? 3. Kan dei vise oss filmar som er 15+ når vi er 13 og 14? 5. Kvifor må vi sitte i auditoriumet? Eg vil ha svar sjølv om du kanskje ikkje ser mitt spm etter vi har sett filmen.

Tema: Skole

Hei

Beklagar at vi ikkje fekk svara deg i går. Du har stilt oss tre spørsmål og vi svarer deg under her.

  1. Skolen bruker nokre gongar film i undervisninga fordi ein film til dømes kan fortelje ein historie meir levande enn ei bok. Viss du har lese om ein historisk viktig person, kan film nokre gongar gje enda meir læring om denne personen enn om du berre har lese om henne eller han.
  2. Når PPT seier det er viktig for deg at du sjølv kan velje om du skal sjå film, skal skolen ta omsyn til det. Når skolen ikkje tek slike omsyn, kan du og foreldra dine snakke med skolen om dette. Du kan også be PPT snakke med skolen.
  3. Aldersgrenser på film i Noreg er anbefalte grenser. Det betyr at ein film med aldersgrense 15 år kan sjåast av ein som er 13 eller 14 i følgje med vaksne.
  4. Vi kan diverre ikkje svare på kvifor dykk må sitte i auditoriet for å sjå film. Du og foreldra dine kan spørje læraren om dette.

Vi håper det ordnar seg for deg og at du får det slik du og PPT har blitt samde om i undervisninga.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv