1. april 2019

Etternavn

Hei eg eg missfornøyde med mitt etternavn og eg vil bytte. Grunnen er at det er rart og deler av det kan bety noko stygt. Eg vil ha noko bedre. Eg blirbog plaget og mange ler av meg og erter meg på grunn av det. Kan eg bytte etternavn?

Hei!

Takk for at du skriv til oss.

Når du er under 16 år, så må foreldra dine samtykkje i namneendring. Det betyr at foreldra dine må gje deg lov til å byte etternamn.

Du kan lese meir om å byte namn på ung.no:

Lenke til ung.no sin informasjon om å bytte navn

Kanskje det kan vere lurt å prøve og snakke med foreldra dine om dette, og forklare kvifor du har lyst til å byte namn?

Dersom du blir plaga på skulen, så skal skulen stanse plaginga. Det er ikkje lov å plage andre, og du har rett til å ha det bra på skulen. Du kan lese meir om kva skulen skal gjere når nokon blir plaga her.

Lykke til!

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv