5. mars 2019

Er det lov å drepe?

Hei!
Eg beklagar å forstyrre dykk, men eg er redd. Pappaen min seier det er i utgangspunktet ikkje lov å drepe. Han seier det er lov viss nokon gjer noko farlig mot ein annan person. Som at ein person vil hive nokon utafor eit stup. Har nokon andre lov å drepe den personen som prøver å hive nokon frå eit stup eller andre tilfeller? Eg er liv redd men eg gjer ikkje sånne ting.

Hei, og takk for at du skriv til Barneombodet.

Det er ikkje lov å drepa andre menneske i Noreg. Dette gjeld i alle tilfelle.

Nokre gonger er det likevel slik at ein ikkje kan bli straffa for å drepa nokon. Dette kan vere at ein handlar i sjølvforsvar – det vil seie om ein sjølv er i fare for å bli alvorleg skadd eller drepen, og må forsvare seg.

Det skal likevel mykje til før at ein ikkje blir straffa for å drepa nokon.

Vi veit ikkje heilt kvifor du er redd, men du må gjerne skriva tilbake til oss og forklara kvifor du er redd. Så kan vi prøva å svara deg så godt vi kan.

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv