3. mai 2019

E så lei

Blir trua om å bli sendt bort heile tiden for den minste lille ting eg gjer gale. For ikkje lov til å være med andre folk som ho ikkje liker heller. For da blir ho veldig sur. Og uansett om eg har rett eller ikkje.. Så må eg alltid seie unnskyld.. Og det e eg så lei av.. Ka burde eg gjøre?

Tema: Familie

Hei og takk for at du skriv til oss!

Det er ikkje greitt at mor di truar deg med å sende deg bort. Du har rett til å bli tatt vare på av foreldra dine og få god omsorg. Du kan lese meir om god omsorg i familien her.

Har du forsøkt å snakke ordentleg med mor di om korleis du opplev det når ho truar deg, sett grenser for kven du kan vere saman med, og at du er ueinig i at du må seie unnskyld for enkelte ting? Vi har laga nokre tips til korleis ein kan førebu seg på ein vanskeleg samtale her.

Vi kjenner ikkje til detaljar i korleis du har det heime. Men om du treng nokre meir konkrete råd, kan du anonymt ringe, maile eller chatte med ein vaksen på Kors på halsen, og fortelje om det som plager deg.

Vi håper du får det betre snart! 

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv