Personvern hos Barneombodet
Har du spørsmål om Barneombodets behandling av personopplysningar, kan du ta kontakt med oss på post@barneombudet.no.
Les meir om personvern og personvernombud hos Datatilsynet.
Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa gir informasjon om korleis Barneombodet samlar inn og brukar personopplysningar om dei som er i kontakt med oss.
Barneombodet samlar inn, lagrar og brukar personopplysningar blant anna frå personar som skriv til oss via kontaktskjemaet vårt, via e-post eller brevpost, besøkjer nettsida eller kontoret vårt.
Denne personvernerklæringa inneheld informasjon du har krav på når vi samlar inn personopplysningar om deg, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar du gir til oss.
Barneombodet jobbar heile tida med å sikre at dine personopplysningar blir behandla på ein forsvarleg og sikker måte. Med personopplysningar meiner vi ei kvar opplysning eller vurdering som direkte eller indirekte kan knytast til deg som enkeltperson. Vi behandlar opplysningar om deg i samsvar med personopplysningslova og anna relevant regelverk.
-
1. Behandlingsansvarleg Les mer+ Lukk-
Barneombodet, ved Inga Bejer Engh, er ansvarleg for vår behandling av personopplysningar, og at dette skjer i samsvar med det gjeldande personopplysningsregelverket. Barneombodet bestemmer også formålet med, og hjelpemidla vi brukar når vi behandlar personopplysningane.
-
2. Behandling av personopplysningar Les mer+ Lukk-
Barneombodet har ulike grunnlag for å behandle personopplysningane dine.
Behandlingsgrunnlaget er samtykke eller lovheimel. Barneombodet sitt samfunnsoppdrag er gitt gjennom Lov om Barneombud og Instruks for barneombudet. Arbeidet vårt er av den grunn i ålmenta si interesse.
Vi kan berre utlevere personopplysningane dine dersom vi har eit behandlingsgrunnlag for det etter personopplysningslova eller personvernforordninga.
-
3. Formålet med behandlinga av personopplysningar Les mer+ Lukk-
Barneombodet si behandling av dine personopplysningar kan ha ulike formål. Vi behandlar personopplysningar for å kunne gi deg rettleiing om dine rettar som barn eller ungdom.
Vi rettleiar også deg som er forelder eller foresatt, og som ønskjer å hjelpe ditt barn. Vi behandlar også personopplysningar for å kunne overvake at barn i Norge får varetatt rettane sine, for å sende ut nyheitsbrev på e-post, og for saksbehandling generelt.
-
4. Vi behandlar personopplysninger på denne måten: Les mer+ Lukk-
4.1. Saksbehandling
Når du skriv til oss via kontaktskjemaet vårt, sender oss ein e-post, besøkjer våre nettsider (sjå pkt. 4.2.) eller kontaktar oss på andre måtar, mottar vi ulike typar av personopplysningar frå deg. Dersom du kontaktar oss om noko personleg og/eller sensitivt må vi også søkje opp og lagre fødselsnummeret og postadressa di i Folkeregisteret, for å kunne svare deg via digital post eller brevpost.
Korrespondanse til og frå Barneombodet blir gjort tilgjengelig i vår offentlege journal. Men dersom saka er unntatt offentlegheit på grunn av teieplikt, vil navnet ditt som avsendar eller mottakar bli skjerma.
4.2. Statistikk, webanalyse og bruk av informasjonskapslar (cookies)
Som ein del av arbeidet med å skape ein brukarvennleg nettstad, samlar Barneombodet opplysningar om bruk av nettsidene. Formålet er å utarbeide statistikk for å forbetre nettsidene og det redaksjonelle innhaldet.
Vi bruker analyseverktøyet Fathom for å analysere bruken av nettsida, men denne lagrar ikkje informasjonskapslar eller informasjon om kvar brukar. Data blir behandla i aggregert form. Døme på kva statistikken gir oss svar på er kor mange som besøkjer nettsidene våre, kor lenge besøket varer, og kva nettlesarar som blir nytta, men det er ikkje mogleg å spore data tilbake til kvar enkelt brukar. Fathom er eit europeisk selskap som lagrar data på serverar i Europa.
Ved å bruke våre nettsider samtykkjer du i at det blir lagra informasjonskapslar i nettlesaren din.
Dei fleste moderne nettlesarar aksepterer informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velgje å endre innstillingane, slik at dei ikkje blir akseptert. Du kan også slette eksisterande informasjonskapslar. Vi gjer merksam på at du kan oppleve redusert funksjonalitet dersom du vel å ikkje akseptere informasjonskapslar.
4.3. Nyheitsbrev
Det er frivillig for besøkande på nettsida å oppgi e-postadresse for å motta nyheitsbrev frå Barneombodet. E-postadressa brukar vi berre til å sende nyheitsbrev, og du kan stoppe mottak av nyheitsbrev når du sjølv ønskjer det. Vi slettar då e-postadressa di frå databasen vår. Behandlingsgrunnlaget er samtykke.
4.4. Rekruttering
Dersom du søkjer på ledige stillingar hos Barneombodet via vår portal i JobbNorge, blir søknadsdokumentasjonen registrert i JobbNorge-portalen. Vi behandlar desse opplysningane i søknadsprosessen, som ledd i å behandle søknaden etter løyve frå deg. Opplysningane i JobbNorge-portalen blir sletta automatisk etter 12 månader. Søkjarlista du står på blir overført til vårt sak/-arkivsystem Public 360 for langtidslagring. Dersom du får jobb hos oss, oppbevarer vi også din søknad og CV.4.5. Bestilling av informasjonsmateriell
Når du tar kontakt med oss for å bestille ein av våre rapportar eller noko av vårt informasjonsmateriell, må vi ta vare på adressa og/eller e-postadressa di til vi har sendt deg materiellet. Deretter blir adressa og/eller e-postadressa sletta.Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1, bokstav b.
4.6. Sikkerheitstiltak
Ved fysisk besøk hos Barneombodet registrerer vi namnet ditt i møteinnkallinga og i møtereferata.4.7. Innsamling av informasjon og analyse
Barneombodet hentar inn personopplysningar og informasjon om verksemder og enkeltpersonar, blant anna ved å bruke retten vår til innsyn i offentlege og private verksemder for barn. Desse opplysningane brukar vi i analyser som dannar grunnlag for Barneombodet sitt arbeid.4.8. Deltaking på arrangement i regi av Barneombodet
Vi brukar eit skjema på nettsida for påmelding til arrangement. Ved påmelding oppgir deltakarane namn, e-post, arbeidsgivar, og informasjon om eventuelle allergiar og behov for tilrettelegging.Deltakarar på seminara våre er internt arkivverdig informasjon som vil bli arkivert som skjerma. Personopplysningane vi får inn ved påmeldingar blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementet. Vi slettar personopplysningane fra systema våre innan eitt år etter registrering. Unntak frå dette er opplysningar Barneombodet har plikt til å oppbevare på grunn av arkvverdigheit, av rekneskapsmessige årsaker eller anna.
-
5. Informasjonssikkerhet Les mer+ Lukk-
Når Barneombodet behandlar personopplysningane dine, skjer dette på ein sikker og forsvarleg måte, og slik at personopplysningene er verna mot uautorisert eller ulovleg behandling, og mot utilsikta tap, øydelegging eller skade. Tilgang til personopplysningane dine er avgrensa til tilsette som har eit tenestleg behov.
-
6. Databehandler Les mer+ Lukk-
Barneombodet har inngått databehandleravtalar som regulerer alle personopplysningar som blir delt med tredjepartar som behandlar personopplysningar på vegner av oss.
Desse tredjepartane kan ikkje bruke opplysningane til andre formål enn det som følgjer av databehandlaravtalen med Barneombodet. Dei er også forplikta til å følgje dei samme nivåa for informasjonssikkerheit som oss.
-
7. Dine rettigheter Les mer+ Lukk-
Innsyn
Du har rett til å få innsyn i kva personopplysningar vi behandlar om deg og korleis vi behandlar dei.
Retting og sletting
Det er viktig at opplysningane vi har om deg er rette. Du kan krevje at vi rettar og/eller slettar opplysningar om deg viss dei er mangelfulle eller urette.
Sletting av personopplysningar
Barneombodet sletter personopplysningar når det ikkje lenger er nødvendig å oppbevare dei for å oppfylle det formålet dei ble innhenta for, eller for å etterleve lovpålagte krav. Vi arkiverer personopplysningar som er arkivverdige etter reglane i arkivlova.
-
8. Kontakt Les mer+ Lukk-
Har du spørsmål om Barneombudet si behandling av personopplysningar, kan du ta kontakt med oss på denne adressa: post@barneombudet.no