Gå til toppen

Ungdommens nasjonalforsamling 2010

Ungdommens nasjonalforsamling blei arrangert for første gang i 2010. To ungdommar mellom 13 og 18 frå kvart fylke i Norge blei invitert til Oslo og Eidsvoll for å bli einige om fem viktige saker for norsk ungdom.

Målet var å få sakene diskutert og sett på dagsorden hos politikarane på Stortinget og i regjeringa.

Pilotprosjekt

I kortversjonen kan du lese meir om bakgrunnen for UNF, og kvifor Barneombodet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo sette i gang pilotprosjektet.

Du kan også lese om metodane som blei brukt under nasjonalforsamlinga, kva saker som blei tatt opp og kva som skjer vidare med Ungdommens nasjonalforsamling.

I hovedrapporten kan du lese meir om detaljane rundt arrangementet, og meir om sjølve gjennomføringa. Hovedrapporten er også tenkt som ein rettleiar for framtidige arrangement.

Last ned kortversjonen: Rapport om Ungdommens nasjonalforsamling 2010 – kortversjon

Last ned hovudrapporten: Rapport om Ungdommens nasjonalforsamling – hovedrapporten

Bla i kortversjonen på nett: