Gå til toppen

Tilsyn og klage i skulen – rapport frå Barneombodet

Alle elevar og føresette har rett til å klage på brot på opplæringslova. Men verkar det etter formålet? Nei, viser denne rapporten frå Barneombodet.

Barneombodet får mange meldingar om at skular bryt opplæringslova. Dette er alvorleg.

På bakgrunn av dette ynskte Barneombodet å undersøkje om vi har eit tilsyns- og klagesystem som fangar opp og rettar feil som oppstår i skulen. Dessverre viser rapporten vår at dette ikkje fungerer godt nok.

Rett til å klage

Når elevar ikkje får ei forsvarleg opplæring er det viktig at klagesystemet fungerer effektivt. Klagebehandlinga skal sikre forsvarleg opplæring og at tap av opplæring eventuelt blir kompensert.

Det er også viktig at den instansen som har tilsyn med skular og skuleeigarar er i stand til å avdekkje feil og manglar og har makt til å sørgje for at skuleeigarane følgjer reglane i opplæringslova.

Er det nokon vits å klage?

Barneombodet tek for seg spørsmålet om vi har eit system som er godt nok til å handtere situasjonen når skulane ikkje gir elevane ei forsvarleg opplæring.

Rapporten viser at dagens klage- og tilsynssystem i skulen ikkje gir nødvendig rettstryggleiksgaranti for at elevar får ei forsvarleg opplæring. Dette må det endrast på.

Rapporten baserer seg på informasjon, undersøkingar, utsegner og meldingar til Barneombodet.

Last ned: Tilsyn og klage i skolen – rapport fra Barneombudet

Bla i rapporten på nett: