Gå til toppen

Sliten skule? Gjer noko med det

Veileder-for-et-bedre-fysisk-innemilo-forsidebildeBarneombodet har vore med på å lage ei rettleiing for eit betre fysisk innemiljø på skulen.  Rettleiaren er for elevar og føresette, og gir råd om korleis ein kan gå fram for å klage.

Alle elevar i grunnskulen og i videregåande skule har ein lovfesta rett til eit godt skulemiljø. 

Skulemiljøet skal vere godt både fysisk og psykososialt. Denne rettleiaren handlar spesielt om det fysiske innemiljøet på skulen.

Rettleiaren skildrar elevrettane, og korleis ein kan gå fram for at dei som er ansvarlege skal skape eit betre innemiljø på skulen.

Rettleiinga er laga som eit samarbeid mellom Barneombodet, Elevorganisasjonen og Norsk Forum for Bedre Innemiljø for Barn (NFBIB). Den kan lastast ned til høgre på denne sida, og er enkel å skrive ut.

Last ned: Veileder for et bedre fysisk innemilø