Gå til toppen

Rapport om å leve med vald i familien

Erfaringane frå ekspertgruppa med barn som har levd med vald i familien har blitt til i ein rapport frå Barneombodet.

Rapporten heiter «Å leve med vold i familien», og kan lastast ned i PDF frå denne sida. Dersom du ønskjer å få rapporten tilsendt i papirformat, kan du ta kontakt med Barneombodet på e-post.

Barneombodet opprettar ekspertgrupper for at barn og unge med heilt spesielle erfaringar skal bli høyrt, og at deira meiningar og erfaringar skal bli tatt i betraktning når myndigheitene tar avgjerder som angår den aktuelle gruppa med barn.

Om ekspertgruppa med valdsutsette barn
Ekspertgruppa blei etablert 13. desember 2006, og har bestått av sju barn i alederen 9 til 15 år. Barna er rekruttert frå barnegruppene til Alternativ til vold (ATV) i to byar, og har gått i gruppeterapi hos ATV. Mødrene til barna har også fått oppfølging frå ATV, og to representantar fra ATV var til stades under møtene med ekspertgruppa hos Barneombodet.

Alle barna i denne gruppa hadde erfaring med vald utøvd av ein mann, anten far eller stefar. Dette er bakgrunnen for at rapporten brukar begrep som han, far, pappa osv. om valdsutøvaren. For barna i gruppa var det mor som var den valdsutsette, og i tillegg nokre gonger barna sjølv. Råda og erfaringane til barna vil likevel også kunne være relevante når det gjeld barn som lever med mødre eller stemødre som utøver vald.

Dei viktige råda frå barna
Denne rapporten inneheld informajson om erfaringer til barna, og om korleis ekspertgruppa har jobba. Det aller viktigaste er likevel dei generelle råda frå barna, og konkrete råd til barnevernet og politiet.

Last ned: Rapport om å leve med vold i familien

Bla i rapporten på nett: