Gå til toppen

Makteslaust tilsyn

Rapport om tilsyns- og klagesystemet i barnevernet.

Dette er rapporten frå Barneombodet om tilsyns- og klagesystemet i barnevernet, som kom ut i mars 2010. Den kan lastast ned eller lesast nedst på denne siden. Dersom du ønskjer å få rapporten tilsendt i papirformat, kan du ta kontakt med Barneombodet på e-post.

Rapporten viser at tilsynet med barnevernet ikkje fungerar godt nok. Dagens klage- og tilsynssystem i barnevernet gir ikkje nødvendig garanti for at barn i kontakt med barnevernet får det tilbudet dei har krav på. Dette må det endrast på.

Når ein offentleg etat tar steget inn over dørstokken i heimen til ein familie, er det viktig at kvalitetssikringa er god. Fylkesmennene er ansvarlege for å avdekke feil eller manglar. Når dei blir avdekka, er det nødvendig at barnevernet retter opp manglane. Det skjer ikkje alltid, og ofte kan ein sjå at det er dei same kommunae som over tid slit med å følgje opp barna på ein god måte.

Rapporten baserar seg på informasjon, undersøkingar, utsegner og spørsmål og førespurnader til Barneombodet. Barneombodet takkar barn og instansar som har bidratt til rapporten.

Last ned: Maktesløst tilsyn

Bla i rapporten på nett: