Gå til toppen

Fengslet familie

Barneombudet har gitt ut eit hefte med erfaringar frå ekspertgruppa med barn som har ein forelder eller eit familiemedlem i fengsel. Barna ber om betre besøkforhold i norske fengsel.

Ekspertgruppa bestod av fire barn i alderen 9 til 11 år. Gruppa blei rekruttert gjennom Foreningen for Fangers Pårørende (FFP), og møttest første gang hos Barneombodet våren 2009. Deretter møttest dei fleire gonger på kontoret vårt, og dei besøkte fengsel på Østlandet. Les meir om Barneombudet sine ekspertgrupper her.

Gjennom arbeidet i gruppa tok barna opp problem knytt til å ha ein forelder i fengsel. Dei trekte særleg fram at det er vanskeleg å halde kontakten og ha samvær på grunn av telefonrestriksjonar og det at permisjonar er så lite føreseielege.

Eit annet viktig tema i arbeidet til ekspertgruppa var besøksromma i fengsla. Barna fortalde om kor frustrerte og skuffa dei var over å besøke eit familiemedlem i innestengte og utrivelige besøksrom med øydelagde barneleiker og slitne eller utdaterte bøker. Dei uttrykte eit sterkt ønskje om at eit kvart fengsel bør ha ein tilsett som har spesielt ansvar for at romma skal framstå som hyggelige, spennande og tilrettelagde for barna.

I heftet kan du lese mer om korleis gruppen meiner at besøksrom skal være, og korleis det gjekk då dei ga råd til Oslo fengsel, avdeling B. I heftet finst også ei huskeliste som kan takast ut av brosjyren og hengjast opp.

Du kan laste ned brosjyren som PDF her. Dersom du ønskjer å bestille den trykte utgåva kan du ta kontakt med Barneombodet på post@barneombudet.no.

Last ned: Fengslet familie