Gå til toppen

Barn med utviste foreldre

Dette er ein rapport som baserer seg på erfaringar og råd frå seks barn i alderen tolv til seksten år. Barna er ekspertar på korleis det er å ha ein far som er utvist frå landet.

Norske myndigheiter bør justere praksis

Noreg blei i 2011 dømt av Den europeiske menneskerettsdomstolen for ikkje å ta nok omsyn til barn i utvisingssaker. Barneombodet meiner norske myndigheiter i større grad må justere praksisen sin etter denne dommen.

Barna som har delteke i denne ekspertgruppa meiner at det er viktig at myndigheitene i mykje større grad må sjå behova til barna. Dei er kritiske til at foreldre kan utvisast frå Noreg dersom dette ikkje er det beste for barna. Desse barna lir, sa barneombod Reidar Hjermann.

Råd til myndigheitene

Barna har i samarbeid med Barneombodet kome fram til ei rekkje råd til myndigheitene om kva som må vektleggjast når ein person med barn skal utvisast frå landet. Dei ønskjer at familien skal få tilbod om ein støtteperson dei kan snakke med dersom foreldra blir utviste.

Barna er opptekne av at dei sjølv skal få informasjon om korleis det går i saka og at meiningane deira skal blir høyrde av utlendingsmyndigheitene. Det er i utgangspunktet ein rett dei har etter barnekonvensjonen artikkel 12.

Last ned: Barn med utviste foreldre

Bla i rapporten på nett: