Gå til toppen

Sjumilssteget

Barneombudet er ein aktiv tilhengar av at Sjumilssteget som metode skal nå ut til alle landets fylke og kommunar.

Det var Fylkesmannen i Troms som tok initiativ til Sjumilssteget i 2009, etter at dei hadde vore vitne til ei markant negativ utvikling over fleire år for barn i Troms fylke.

Barnekonvensjonen som verktøy for kommunane
Sjumilssteget –  til det beste for barn og unge – handlar om å setje i verk FNs barnekonvensjon i kommunane i Noreg.

Prosjektet hjelper kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at desse kan brukast til å planlegge og kvalitetssikre tenestene til barn og unge.

Sjumilssteget blir spreidd
Prosjektet har fått positiv merksemd, både nasjonalt og internasjonalt. Og Fylkesmannen i Troms har fått ekstra midlar for å bidra til å spre kunnskap om prosjektet til andre fylke.

Målet er å implementere barnekonvensjonen i daglig praksis i alle kommunane i landet som ein overordna legalitet.

Sjumilssteget, eller metodane rundt prosjektet, blir brukt av mange fylke.

 

Les meir om sjumilssteget i praksis på Fylkesmannen i Troms si samleside for prosjektet.