Gå til toppen

Omskjæring av gutar – kva har Barneombodet gjort?

Barneombudet etterlyser informasjon til foreldre om risiko ved omskjæring av gutar.

Frå 1. januar 2015 har det offentlege helsevesenet plikt til å omskjære gutar.

– Når rituell omskjæring av gutar frå no er blitt eit tilbod på offentlege sjukehus, er det er viktig at helsemyndigheitene set i gang eit forebyggande informasjonsarbeid mot helsestasjonane og fastlegane for å få ned tilfella av omskjæring, seier barneombud Anne Lindboe.

Barneombodet meiner det bør innførast ei aldersgrense som gjer at gutar sjølv får rett til å samtykke til inngrepet. Vi har foreslått 15 eller 16 år.

Det er fleire som etterlyser engasjement fra Barneombodet etter at lova om rituell omskjæring tredde i kraft den 1. januar 2015.

Her er eit kort samandrag av Barneombudet sitt arbeid mot omskjæring av gutar, og litt om kor vi er i dag.

Møte med trussamfunna

Før 2011 hadde ikkje Barneombodet gjort seg opp ei mening om vårt syn på omskjæring. Derfor arrangerte vi eit møte med ulike organisasjonar og trussamfunn om ikkje-medisinsk grunngjevne inngrep på barn, deriblant omskjæring av gutebarn. Vi møtte også ei gruppe med gutar som var omskorne.

Etter dette svarte vi på høyringa på lovforslaget om rituell omskjæring av gutebarn, der vi aktivt gjekk inn for at barn må få bestemme dette sjølv, og kor vi argumenterte for at lovforslaget kunne vere i strid med flere artiklar i barnekonvensjonen.  I tillegg deltok dåverande barneombod Reidar Hjermann på ulike debattar om temaet.

Debatten blir større

Barneombod Anne Lindboe engasjerte seg raskt i sak etter at ho hadde blitt det nye barneombodet i juni 2012.

Det blei meir debatt i media, og barneombodet skreiv blant anna kronikken Guttas kropp – deres valg i Aftenposten. Utover hausten hadde ho blant anna møte med representantar frå Det Mosaiske Trossamfunn og Wiesentahlsenteret.

Barneombudet møtte Statssekretær Kjell Erik Øie frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og juristar frå Lovavdelinga om lovforslaget som vi hadde uttalt oss om året før, men som på det tidspunktet ikkje var fremja for Stortinget.

Dei nordiske barneomboda blir involvert


I 2013 førte det nordiske barneombudsmøtet til et opprop om ei felles nordisk fråsegn for aldersgrense ved omskjæring. De nordiske barneomboda og barnemedisinske ekspertar påpeika her at omskjæring er i strid med fleire artiklar i barnekonvensjonen.

Dette førte til meir debatt, og Barneombodet bidrog blant anna med kronikkane Rituell omskjæring bryter medisinsk-etiske prinsipper i Aftenposten, og Vern også guttebarn mot omskjæring. Barneombodet argumenterte også for standpunktet sitt på ulike internasjonale konferansar.

Stor faglig motstand

I 2014 møtte Barneombodet  HOD saman med Barnelegeforeninga, Barnekirurgisk forening og Landsgruppen av helsesøstre, som alle var kritiske til lovforslaget om rituell omskjæring av guttebarn.

Vi deltok med eit innlegg på høyringa på Stortinget om lovforslaget (som var på høring i 2011). I tillegg deltok barneombod Anne Lindboe i fleire debattar, og saka fikk mykje merksemd.

Kor står saka no?

I juni 2014 gjekk eit flertall i Stortinget inn for ei lov om rituell omskjæring av gutar i offentlig regi.  1. januar 2015 tredde lova i kraft.

Barneombodet skreiv i november 2014 eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet, der vi ber om svar på ei rekkje spørsmål rundt oppfølginga av lova.

Barneombodet blei invitert til eit møte med statssekretær Cecilie Bræin-Karlsen. I etterkant har helsestyringsmaktene bestemt seg for å lage eit informasjonsskriv om omskjæring til foreldre og helsepersonell. Dei har også gitt Forskningsrådet i oppdrag å administrere ei evaluering av rituell omskjæring av gutar. Barneombodet har fått kome med innspel til både informasjonsskrivet og forskningsoppdraget. Men den endelege utforminga av materialet er Helse- og omsorgsdepartementet ansvarleg for.

Barneombodet vil fortsette å arbeide for at det skal bli ei aldersgrense på omskjæring av gutar.

Informasjon til helsepersonell om omskjæring.