Gå til toppen

Barn som opplever samlivsbrot skal bli høyrt

Gutt - leke - dataI dag må alle par som går frå kvarandre, og som har barn under 16 år, ha minimum ein time mekling. Meklaren har også plikt til å ha fokus på kva som er det beste for barnet, og skal minne foreldra om den retten barnet har til å bli høyrt.

Barnekonvensjonen artikkel 12 nr. 2 seier at barn særleg skal høyrast i eikvar rettsleg og administrativ saksbehandling som vedkjem barnet. FNs barnekomité seier at dette gjeld alle relevante rettslege prosessar som vedkjem barnet, også der saken er løyst ved mekling.

«I dag høres sjeldent barn på familievernkontoret i forbindelse med mekling. Det er foreldrene som formidler barnets tanker og synspunkter,» seier barneombod Anne Lindboe.

Barneombodet ser desse punkta som viktige:

  • Vi vil at barn skal få tilbod om ein eigen time hos familievernet når foreldra går frå kvarandre. Dette bør også gjelde i saker kor foreldra kjem til familievernkontoret med ei ferdig løysing for barnet.
  • Barn må få ein reell moglegheit til å påverke i spørsmålet om kor dei skal bu og kva samværsordning som vil vere den beste for dei etter eit samlivsbrot mellom foreldra. Timen hos mekleren skal vere eit tilbod til dei barna som ønskjer ein nøytral tredjepart å snakke med.
  • Barneombodet ønskjer at familiene skal få tilbod om ein oppfølgingstime hos familievernkontoret når det har gått ei viss tid. 

I rapporten «Barnas stemme stilner i stormen» fortel barn om behovet for å bli høyrt direkte.

Last ned rapporten Barnas stemme stilner i stormen

Høyr radiodokumentaren «Hit og dit – en historie om å få skilte foreldre»