Gå til toppen

Tilsyn med fosterheimar og barneverninstitusjonar

Når du bur i fosterheim eller i ein barnevernsinstitusjon, skal du få besøk av  ein eller fleire personar som skal sjå til at du har det bra. Dei skal i utgangspunktet koma fire gonger i året. I nokre tilfelle kjem dei likevel berre to gonger i året.

Skal snakka om trivsel

Dei som kjem skal snakke med deg om korleis du trivst og har det i fosterheimen eller på institusjonen. Du kan seie ifrå til desse personane viss det er noko som plagar deg, eller viss du ikkje har det bra.

Viss du bur i fosterheim, skal du få besøk av folk frå kommunen, som ein kaller for tilsynsperson. Har du ikkje snakka med ein tilsynsperson, kan du kontakte barnevernet.

På institusjon

Viss du bur på institusjon, er det folk frå fylkesmannen som kjem for å besøkje deg. Du kan sjå meir om kva fylkesmannen kan snakke med deg om, og kva dei kan hjelpe deg med i videoen under.

Info om fylkesmannens tilsyn med barneverninstitusjoner: