Gå til toppen

Kva er Fylkesnemnda?

ill_sporsmalFylkesnemnda liknar litt på ein domstol.

Ei av Fylkesnemda sine oppgåver er å bestemme i saker der barnevernet og foreldre er ueinige.

Den som er leiar i Fylkesnemnda er jurist og kan mykje om kva reglar som gjeld når barn har det vanskeleg heime.

Istadenfor dommar blir denne personen kalla fylkesnemndsleiar.

Viss barnevernet meiner at du, eller både du og foreldra dine, treng hjelp, men foreldra dine ikkje er einige i det, kan ikkje barnevernet bestemme over dykk ålene. Då er det Fylkesnemnda som bestemmer kva som skal skje.

Du og foreldra dine skal få vite at barnevernet vil be Fylkesnemnda om å bestemme i din sak.

Det kan for eksempel være om du skal bu ein annan stad enn hos foreldra dine.

ill_sporsmal
Kva skjer i Fylkesnemnda?

I Fylkesnemnda er det tre personar som skal bestemme i din sak.

Før Fylkesnemnda bestemmer seg for resultatet og kva som skal bli løysinga, må dei

  • lese alle papira dei har fått fra barnevernet
  • lese det advokatene har skrive
  • høyre på kva vitna seier
  • høyre på kva foreldra dine seier
  • høyre på hva du meiner og tenkjer
  • tenke seg godt om
  • bestemme seg for kva dei trur er best for deg og skrive det ned

Når Fylkesnemnda har tenkt nøye over saka må dei bestemme seg for resultatet.

Resultatet blir skrive ned og blir kalla eit fylkesnemndsvedtak.

I fylkesnemndsvedtaket står det litt om saka, kva som blir resultatet og kvifor Fylkesnemnda meiner resultatet er til det beste for deg.

Du kan lese meir om kva fylkesnemndene gjer her.

Kva slags personar er med i Fylkesnemnda?

Advokat

Foreldra dine vil få eigne advokatar som skal hjelpe dei. Det er gratis.

Viss du er over 15 år får du også advokat. I spesielle saker får også nokre under 15 år advokat.

Viss det gjeld tiltak for deg med åtferdsvanskar får du alltid advokat, sjølv om du er under 15 år.

Talsperson

Det er viktig at meininga di kjem fram i Fylkesnemnda.

Du har rett til å bli høyrt og Fylkesnemnda må vite kva du tenkjer og meiner.

Det er likevel ikkje sikkert at du skal snakke i sjølve fylkesnemndssaka.

Nokre gonger får du ein talsperson som skal snakke med deg først og som skal fortelje fylkesnemnda hva du tenkjer og vil.

Vitne

Vitne er personar som kjenner deg og/eller foreldra dine, og som kan gje opplysningar om dykk til Fylkesnemnda. Det kan for eksempel vere:

  • læraren din
  • venner av familien
  • legen til foreldra dine
  • saksbehandlaren din i barnevernet
  • ein sakkyndig

ill_sporsmalKva er ein sakkyndig?

Ein sakkyndig er ein person som barnevernet plukkar ut for å hjelpe seg i saka di. Òg foreldra dine kan engasjera ein sakkyndig for å hjelpa dei i saka

Den som blir valgt til sakkyndig må kunne mykje om menneske og korleis vi tenkjer. Den må også vite mykje om barn og kva som er bra for barn. Ofte er den sakkyndige utdanna psykolog.

Den sakkyndige snakkar med deg og foreldra dine, men kan òg snakka med andre som kjenner dykk.

Til slutt skriv den sakkyndige ein rapport som handlar om deg og familien din. Rapporten blir levert til fylkesnemnda, og er med på å hjelpe Fylkesnemnda med å bestemme seg for kva dei skal gjere i di sak.