Gå til toppen

Kva skjer når ein søkjer asyl?

ill_sporsmal

Asylsøknad

Når nokon har flykta frå heimlandet sitt til Noreg, søkjer dei om asyl her.

Då må dei levere ein asylsøknad.

Her kan du lese om korleis Noreg behandlar asylsøknader, og kven som gjer kva.

Politiet

Dersom ein vil søkje om asyl i Noreg, må ein gå til politiet og registrere seg der.

Utlendingsdirektoratet

Etter registrering hos politiet, blir søknaden send vidare til Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI undersøkjer asylsøknaden nærmare for å finne ut om dei som søkjer faktisk er flyktningar, eller om det er andre grunnar til at dei skal få bli her.

Barn har rett til å få ein eigen samtale med UDI, men dei må ikkje.

UDI kan anten gi opphaldsløyve eller avslag på asylsøknaden. Det dei fastset blir kalla eit vedtak.

Opphaldsløyve betyr at ein får lov til å bli i Noreg.

Avslag betyr at ein ikkje har rett til vern i Noreg, og må reise heim.

Dei som får avslag, kan klage til Utlendingsnemnda (UNE).

Utlendingsnemnda

Utlendingsnemnda (UNE) behandlar klagar på vedtak i UDI

UNE ser på saka på nytt. Dei kan gjere om alt i vedtaket til UDI.

Dersom UNE gjer om vedtaket, får asylsøkjaren opphaldsløyve i Noreg.

Dersom UNE ikkje gjer om vedtaket til UDI, får asylsøkjaren det som blir kalla endeleg avslag. Då skal han eller ho reise frå Noreg.

Busetjing og retur

Asylsøkjarar som får opphaldsløyve i Noreg, blir «busett» i ein kommune. Det betyr at dei får hjelp til å finne ein stad å bu, og å finne jobb eller begynne på skule.

Asylsøkjarar som får avslag, skal reise frå Noreg. Det blir kalla retur.

Mange reiser frivillig. Dei som ikkje reiser frivillig kan bli sende ut med tvang av politiet.

Meir informasjon

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) har laga eit kart og to filmar om kva som skjer når ein søkjer asyl i Noreg.

I  utlendingsloven §§ 28, 34 og 38 står reglane om asyl, kollektivt vern og opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn.