Gå til toppen

Du har rett til ein kvardag utan stress

Du har rett til kvile og fritid.

  • Kvardagen din ikkje skal være fylt av aktivitetar heile tida.
  • Du har plikt til å gå på skulen, men fritida di skal ikkje bli eten opp av lekser og reisetid.
  • Du har rett til ei fritid utan for mange aktivitetar som gjør deg stressa og sliten, slik at du ikkje får tid til kvile.

 ill_caserSei ifrå!

  • Viss du synest skulearbeidet går for mykje ut over fritida di, kan du snakke med læraren din.
  • Du kan også ta det opp med elevrådet på skulen.
  • Viss du føler deg stressa eller sliten kan du snakke med helsesjukepleiaren på skulen. Helsesjukepleiaren kan gi gode råd og hjelpe deg vidare.
  • Viss du er ueinig med foreldra dine om kor mange aktivitetar du skal være med på, bør du snakke med dei om det. Viss du synest det er vanskeleg å snakke med dei, kan du få nokre råd på korleis du kan ta den vanskelige samtalen med ein vaksen.

 

Barn sin rett til kvile og fritid: barnekonvensjonen artikkel 31.